Vandring i Myrkdalen
©Sverre F. Hjørnevik

Medlemsfordelar i Visit Voss

Visit Voss gjer ein felles innsats for å bygge merkevara «Voss» og å løfte fram Voss som destinasjon. Visit Voss jobbar med dei områda som er vanskeleg for kvar enkelt bedrift å finne tid til. 

Fokusområde no er å auke besøk i skuldersesongen, få besøkande til å bli lenger og å nytte seg av fleire kultur- og aktivitetstilbod i bygda.  

 

Som medlem får du:
  • Presentasjon av verksemda på visitvoss.no.  
  • Synlegheit av verksemda på Visit Voss sin Facebook og Instagram konto.  
  • Promotering av verksemda via Visit Voss sin digitale marknadsføring på t.d. Facebook, Google Ads, You Tube, Instagram ++.  
  • Moglegheit for sal av aktivitetar og å stille ut brosjyrar eller anna marknadsmateriell i turistinformasjonen. 
  • Synlegheit av verksemda på fjordnorway.com og visitnorway.com. 
  • Visit Voss er medlemmene sitt talerøyr inn mot reiselivsavdelinga i fylkeskommunen, Innovasjon Norge reiseliv, Fjord Norge, Voss Herad med fleir.  
  • Tilbod om deltaking på ulike kampanjar og publikasjonar som samarbeidspartnarar står for. 
  • Ein partnar og pådrivar innan berekraft. Miljøfyrtårnsertifisering.  
  • Tilgang til felles kompetanseheving gjennom prosjekt Vossavert.  
  • Mogelegheit til å vera med på nye prosjekt t.d. samarbeid med Visit Hardanger og sentrumsbedriftene.  
  • Reiselivsfagleg sparringpartnar og støtte i ulike saker. 

 

Presentasjon og visning av di bedrift gjennom våre aktivitetar, som:  
  • Aktivt påverknad ovanfor media/presse – lokalt, nasjonalt og internasjonalt  
  • Visningsturar o.a. for agentar, turarrangørar, reiseselskaper og opinionsdannarar  
  • Tilrettelegging for tv-selskap og produksjonsselskap som vil gjere innspelingar på Voss  
  • Sal og marknadsføring av regionen som ein heilskap, gjennom ein rekkje kanalar  
  • Samarbeidspartnar i utvikling av gode og unike produkt  
  • Arrangør av kurs og kompetansehevingstiltak i samarbeid med andre aktørar. Medlemsmøte  og liknande arrangement med fagleg påfyll og møte med kollegaer i bransjen  

 

Sjå lista over alle som er medlem i Visit Voss her

Vil du bli medlem? Send ein e-post til [email protected], så tek me kontakt.