Takk for di interesse for dette nye tilbodet om heilårs skikort.
Talet på søkjarar om heilårs skikort har vore over all forventing, og det er difor diverre ikkje lenger mogeleg å søke om å få motta dette tilbodet.

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
Onsdag 21.10 får dei 200 fyrste søkarane tilbakemelding om at dei får kjøpe heilårs skikort.
Bakgrunn
I førre veke vart det her på visitvoss.no lagt ut skjema der ein kunne registrere si interesse for heilårs skikort i dei fire skisentra Voss Resort, Voss Fjellandsby Myrkdalen, Røldal skisenter og Folgefonn Sommarskisenter.
Interessa har vore enorm, nærare 300 søknader er registrert, og mange har òg nytta høvet til å koma med positive tilbakemeldingar om kva dei synest om tilbodet; "No flyttar eg heim" er kanskje ein av dei mest slåande kommentarane!
Vår marknadssjef Erik Østlie i Destinasjon Voss og prosjektleiar for Ski heile året kan melde at denne enorme interessa verkar svært lovande for tida framover.
Har du spørsmål?
Send ein e-post til erik@visitvoss.no