Fly som supermann i vindtunnel!
Kjenn på følelsen av fritt fall utan fallskjerm i Noregs fyrste vindtunnel - ein attraksjon som er open heile året.
Ein vindtunnel eir ein simulator for det frie fallet som ein opplev i fallskjermhopping og kan brukast av både store og små. Aldersgrensa for aktiviteten er 5 år.
Voss Vind held til på Tvildemoen, ca 2 km frå Voss Sentrum.
Prisen inkluderer utstyr, instruksjon og flyging. 3 minutt i vindtunnell tilsvarer 4 fallskjermhopp fritt fall.
Video av eigen flyging er 150,- kr i tillegg.
Ta med deg familie, venner eller kollegaer og ha ein fantastisk dag eller helg på Voss.
Voss har vakker vestlandsnatur, tradisjonell mat og adrenalinaktivitetar samla som ingen andre stader i Noreg. Vindtunnelen er siste nytt på Voss, og Voss er stolte av å vere fyrst ute i Noreg.
Se www.vossvind.no for meir informasjon!