Vinterveko 2012

15. - 18. mars arrangeres Vinterveko for sjette gong på Voss. Vinterveko er vinterversjonen av Ekstremsportveko og vert stadig større.

Vinterveko 2012
Foto: Erik Østlie

Kva skjer?
Freeride, fallskjermhopping, triathlon, back-country jam og speedriding er berre nokon av dei ekstreme greinene du kan sjå på Voss under årets Vinterveko. Hundrevis av profesjonelle ekstremsportsutøvere kjem til bygda, ikkje berre å vise fram kva dei kan, men og for å dele kunnskap om sporten dei driv med.

Om du ikkje er utøver er det allikevel mykje å få med seg:  
I år er det til døme workshop for fotointereserte med Sverre Hjørnevik, som blant anna tek bilete for Fri Flyt og Norrøna.
For jenter vert det held eit eige freeride kurs med sjølvaste Gunvor Wæhle i spissen. Gunvor er ein erfaren frikjøyrar som er lommekjent i Voss Resort der kurset vert held.

Program:
* Sjå sportsprogrammet her
* Sjå festivalprogrammet her

For meir informasjon, sjå Vinterveko sine heimesider.

 

Sist oppdatert   24.02.2012  

Voss Turistinformasjon | Telefon: 406 17 700 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Vangsgata 20 | Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: