Festival Voss og Destinasjon Voss inviterer alle vossingar med fotoapparat til å delta i fotokonkurranse. Kan hende er det nettopp ditt blinkskot som skal pynta bygda?

Vossa dusj, med dei halvnakne karane i fossen, er eit døme på konseptbilde.
Foto: Destinasjon Voss
I jakta på nye "konseptbilde" oppfordrar me vossingar til å sjå gjennom fotoalbuma sine med kritisk og humoristisk blikk. Fotokonkurransen er ein del av prosjektet "Kle bygda til fest", der me skal få på plass effektar (til dømes bannarar), som skal brukast til å pynte opp bygda når det skjer noko spesielt.
Jakta på nye konseptbilde
<<Frå før har du sikkert sett bilde på store plakatar av Vossa-bling med brurekrune, Vossa-spa i raftinga eller smalahovet sitt Vossa-smil.
– Konseptet er bilde og tekst, som i lag skapar ein uventa reaksjon. Det skal vera uventa og humoristisk. Vossa-dusj, bildet med dei halvnakne karane i fossen, er eit døme. Det handlar om å få fram vossamåten å gjera ting på. >> Kjelde: Utdrag frå artikkel i Avisa Hordaland 01.09.2011 av Anne Rivenes)
Det trengst bilde til i alle fall 12 ulike titlar, alle med førestavinga Vossa-. Dei tolv stikkorda er:
- publikum
- startskot
- fanklubb
- trøstepremie
- siger
- stadion
- freeride
- tribune
- groupies
- tenor
- dirigent
- boyband
Om fotokonkurransen
* Alle med fotoapparat og fotoalbum kan delta!
* Bildene må vere tatt med høg oppløysning og me ynskjer at alle bilder blir tatt både i høgde- og breiddeformat.
* Viktige stikkord er leikenheit, uventa, humor og galskap, som spelar på kjerneverdiane i Vossaprofilen.
* Bildet må være frå Voss!
* Frist for innlevering av bilde er mandag den 19. oktober i veke 42. Send til post@festivalvoss.no.
* Festival Voss og Destinasjon Voss får rettighetane til å nytte bilda i prosjektet ”Kle bygda til fest”.
* Bildene vert vurdert av ein jury beståande av – Ein representant frå Destinasjon Voss, Festival Voss, Voss kommune og Creuna.
* Premien er heider og æra, og det å kunne ”henge” rundt omkring i Vossabygda. Dei 20 beste bilda vil verte presentert i ein utstilling og fotografane vil få sitt bilde til odel og eiga.
Treng du inspirasjon?
* Idéskisser
Du kan laste ned idéskissene våre som viser kva bilde me er på jakt etter. Skissene er ikkje styrande, men er ein meint som ein guide for å koma i gang. Blinkskot som fell utanom dei 12 titlane som er beskreve kan òg delta i konkurransen.
Idéskissene kan du òg få tak i ved å henvenda deg til post@festivalvoss.no
* Kjerneverdiar i Vossaprofilen
Leiken - Ei positiv og leiken kraft har førd Voss og Vossingar opp og fram, nokre gonger heilt til gull.
Uventa - Ei oppleving av de kjende og kjære (tradisjon) på nye og uventa måtar.
Intens - Sterke opplevingar. Ekstremsport, ja, men òg intense opplevingar knytta til natur, mat, konsertar o.a.