14.- 15 april vert Møteplass Reiseliv 2010 arrangert på Park Hotel Vossevangen på Voss. Dei aktive sesjonane er nytt for året og her kan du lese meir om aktivitetane.
Program for konferansen finn du her
Bli med opp i høgdeløype på ei spennande reise mellom gamle furuleggar og gigantiske kampesteinar, før du kan nyte ei lettare servering med Vossavri!
Vossabia inviterar til ei sanseleg og augeopnande gardsoppleving med økoturismefokus.
Guida kulturvandring på Vossevangen og ei lettare servering med vossavri undervegs. I løpet av turen får du vitje Finnesloftet og Ole Bull akademiet.
Ver med å utforsk elementa, vatn, luft, jord og eld. EkstremUtvikling gjev deg ei innføring i ”sin metode” – eit verkty som finn ut kor den einskilde passar inn i spenningssøyla og i elementa.
Erfaringar frå utbygging i Bavallen og Myrkdalen samt nytt opplevingstilbod; Skandinavias fyrste vindtunnel - ein aktivitetsinvestering i 50 mill kr klassen! Lettare servering av Vossatapas.