Aktivitet B - Produktutvikling til nye høgder

Bli med opp i høgdeløype på ei spennande reise mellom gamle furuleggar og gigantiske kampesteinar, før du kan nyte ei lettare servering med Vossavri!

Aktivitet B - Produktutvikling til nye høgder
Foto: Voss Rafting Senter
Fokus på sikkerheit
Fokus på sikkerheit
Foto: Voss Rafting Senter

Høgdeløypa hjå Voss Rafting Senter er siste prosjektet i ei lang rekkje gjennom mange års drift. I 2007 fekk Voss Rafting Senter Fjord Norge sin høgthengande Gull Explore Pris for nettopp produktutvikling og eigar/dagleg leiar Frode Solbakk vil vere med og dele sine erfaringar gjennom 15 år.

Om høgdeparken

Løypa er del av villmarksleiren og er no under utviding frå 7 til 20 postar.

Gjennomføring:
Når du kjem til leiren vil du få utlevert det du treng av tryggleiksutstyr; klatresele, hjelm og karabinkrokar. Deretter blir det gjeve grundig instruksjon før ein forlet bakken!

Utstyret gir deg mulegheita til å ta deg forbi dei ulike hindera på vegen gjennom tretoppane, samtidig som du alltid er trygt festa til tryggleikssystemet / ziplina. Du tek deg gjennom løypa på eiga hand, etter at guidane har gitt deg instruksjon i korrekt bruk av systemet og farane ved ikkje å følgje reglane. Når du føler deg fortruleg med utstyret får du lov til å bevege deg inn i hovudløypa. Frå då av befinn du deg 3-10 meter over bakken heilt til du er ferdig med siste utfordringa!


Til oversikten og alle aktivitetar >

 

Sist oppdatert   17.02.2010   Av   Gunhild Lundbad/Voss Rafting Senter
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Voss Rafting Senter AS

Voss

Voss Rafting Senter

Voss Rafting Senter AS arrangerer et bredt utvalg av aktiviteter som rafting, sportsrafting, elvebrett, fosserappelering, rappellering, juvvandring, hinderløype og opphold i villmarksleir.



Voss Turistinformasjon | Telefon: 56 51 94 90 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Evangervegen 6 | Postadresse: Postboks 57, 5701 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: