Aktivitet E - Aktivitetar på rett spenningsnivå

Ver med å utforsk elementa, vatn, luft, jord og eld. EkstremUtvikling gjev deg ei innføring i ”sin metode” – eit verkty som finn ut kor den einskilde passar inn i spenningssøyla og i elementa.

EkstremUtvikling
EkstremUtvikling
Foto: Lars Erik Skjervheim

Elementa vatn, luft og jord får du utforska gjennom innføring og prøving av aktivitetar, medan elden møter du i gleda, begeistringa og ekstasen etter opplevinga.

Meld deg på og du får tilsendt eit spørjeskjema som skal fyllast ut og returnerast. På denne måten finn EkstremUtvikling den rette aktiviteten til nettopp deg.
 

Om EkstremUtvikling-metoden

Lær meir om metoden EkstremUtvikling nyttar:

 

Aktivitetar under Møteplass Reiseliv 2010

Golf


Jorda opplever du ikkje før du har utforska ho. Først då skjønar du!

Innføring i den populære Golf-sporten. Då me på denne årstida ikkje kan vere ute på den vakre Voss Golfbaner, må me vere inne i Golf simulatoren.
Lange slag over grøne enger på driving-range’n, korte puttar på greenen avsluttar med ein runde på ein bane på Hawai.
Bidrasgsytar: Voss Golfklubb
Min. antall for gjennomføring: 5
Spenningsnivå: Lågt

Bowling


Innføring i kjeglespelet 'Bowling'. Rask introduksjon og opplæring før ein starter spelet.
Bidrasgsytar: Mosjonsgutane Bowling og aktivitetssenter
Min. antall for gjennomføring: 5
Spenningsnivå: Lågt

Yoga

Kropp og sjel i full harmoni gjev ekstra energi og lader batteria. Slik kan ein nå nye høgder.


Bidrasgsytar: Mosjonsgutane Bowling og aktivitetssenter
Min. antall for gjennomføring: 5
Spenningsnivå: Lågt

Hesteriding


Nybyrjar eller godt røynd. Ein tur på hesteryggen gjer godt for kropp og sjel.
Bidrasgsytar: Stall Vassenden Ride- og Aktivitetssenter
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Lågt/middels

Speedflying/Paragliding (intro)


Lufta opplever du ikkje før du kjem flygande over himmelen. Først då skjønar du!


Kjenn korleis ein sveva gjennom lufta like over bakken. Kort innføring og opplæring før ein får forsøke i trygge omgjevnadar. Til Speedflying nyttast ein liten fallskjerm og ski.
Bidrasgsytar: Voss Hang- og Paragliderklubb
Eigenandel: kr 200
Min/maks antal for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Middels

Elvepadling



Vatn opplever du ikkje før du har vore der. Først då skjønar du!

Utforsk vatnet gjennom innføring i elvepadling. Etter sikkerheitsøvingar fossar me nedover elvestryken.
Bidrasgsytar: Voss Elvesport
Eigenandel: kr 200
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Middels

Paragliding


Lufta opplever du ikkje før du kjem flygande over himmelen. Først då skjønar du!

Kjenn korleis ein på enkelt vis kan beherske elementet og segle roleg gjennom lufta og sjå verda frå oven. Kort innføring og opplæring før ein flyg saman med instruktør.
Bidrasgsytar: Voss Hang- og Paragliderklubb
Eigenandel: kr 1 200
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Høgt

Seglfly



Lufta opplever du ikkje før du kjem flygande over himmelen. Først då skjønar du!

Kjenn korleis vinden suser utanfor flykroppen, ikkje nokon forstyrrande motordur, berre eit fantastisk utsyn og den fullkomne stillheit.
Bidrasgsytar: Voss Flyklubb
Eigenandel: kr 1700
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Høgt

Acrofly



Lufta opplever du ikkje før du kjem flygande over himmelen. Først då skjønar du!

Kjenn korleis flyet tek den minste berøring av stikka, som du sjølv får bevege. Turen vert avslutta med akrobatiske manøvrar, som gjer at moder jord får ein sett frå dei fleste vinklar.
Bidrasgsytar: Voss Flyklubb
Eigenandel: kr 1 700
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Høgt

Tandem fallskjerm



Lufta opplever du ikkje før du kjem flygande gjennom himmelen. Først då skjønar du!
Grundig innføring og øving i prosedyrane før ein saman med ein erfaren tandempilot gjennomførar hoppet. Hoppet vert filma og DVD’en vert overlevert etter hoppet.
Bidrasgsytar: Voss Fallskjermklubb
Eigenandel: kr 3 690
Min/maks antall for gjennomføring: Ingen
Spenningsnivå: Høgt



Til oversikten og alle aktivitetar >

 

Sist oppdatert   04.03.2010  

Voss Turistinformasjon | Telefon: 56 51 94 90 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Evangervegen 6 | Postadresse: Postboks 57, 5701 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: