Vossaentusiasten - Sigbjørn Bernhoft Osa

* Denne gongen møter me: Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90)
* Bygda kjenner han som: Spelemann, filolinist og namnefar til Osafestivalen

Vossaentusiasten - eit bidrag til sterke opplevingar

 

Vossaentusiasten - Sigbjørn Bernhoft Osa
Foto: Osafestivalen

Spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90) har gitt namnet sitt til Osafestivalen.

  • Han markerte seg sterkt i kulturlivet i si samtid
  • Han ver eit viktig bindelekk mellom folkemusikken og den europeiske kunstmusikken.
  • Han meinte at det var viktig for utøvarar med klassisk bakgrunn å møte folkemusikarar for å utveksle kunnskap og erfaring.
  • Han samarbeidde også mykje med folkemusikarar frå andre land.


Osa var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet på Voss.

Osafestivalen 22.-25.oktober 2009

Årets tema for Osafestivalen, 22. - -25.oktober 09 er "SymbiOsa": sjangrar og tradisjonar møtest, symbiose oppstår, i Osas ånd.

Festivalen formidlar både tradisjonane og dei sterke, personlege uttrykka, lar dei møtast og virke saman, der kreative musikarar intuitivt kjenner at det er naturleg.

Å vere SymbiOsa-musikar krev balanseevne og god smak og festivalen har funne slike musikarar, og gitt dei store utfordringar. Resultatet skal verte ein fargerik og overraskande festival.

For programinfo sjå www.osafestivalen.no

 

 

Sist oppdatert   09.10.2009   Av   Anne Grethe Bakke med kjelde: www.osafestivalen.no
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Osafestivalen

Voss

Osafestivalen

Osafestivalen har som profil å vera ein møtestad for klassisk musikk (med vekt på tidlegmusikk) og folkemusikk med kurs, seminar og konsertar. Den vart fyrste gong arrangert i 1992, då som Strengjarfestivalen. I 1994 bytte den namn til Osafestivalen, og...


Destinasjon Voss AS 

Telefon: 406 17 700   E-post: post@visitvoss.no    Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss, Norway   Besøksadresse: Magasinvegen 35, 5700 Voss 

Medlem av: