Om nettstaden VisitVoss.no

Denne nettstaden er den viktigaste arenaen for informasjon og sal av Voss som reisemål.

Det er Destinasjon Voss som har det faglege ansvaret for utvikling og drift.

Andre bidragsytarar er Voss Turistinformasjon ved Voss kommune, Festival Voss og alle reiselivstilbydarane* på Voss.

Destinasjon Voss
Destinasjon Voss er eit reisemåls- og utviklingsselskap.  Hovudoppgåver er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv.

Voss Turistinformasjon
Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under oppholdet ditt på Voss.

Festival Voss
Festival Voss BA er eit samarbeidsorgan for festivalar og tilskipingar på Voss.

Vossingar
Det fins omlag 14.000 vossingar.  Nokon av dei har flytta frå Voss, til dømes heilt til Bergen.  Samtidig er det folk frå andre stader som har busett seg på Voss.  Det er vel litt ulike grunnar for det, som kjærleik til ein vossing, fantastiske mogelegheitar for luft- eller elvesport, eit internasjonalt arbeidsmarknad for raftinginstruktørar eller at ein er ein skiboms....  For andre er voss rett og slett ein god stad å bu, og det er fleire som kjem enn dei som reiser.


*På denne nettstaden finn du mellom anna informasjon om overnatting, aktivitetar og attraksjonar på Voss. Tilbydarane av desse produktene er sjølve ansvarlege for å levere informasjonen som ligg ute på nettstaden.

Sist oppdatert   25.05.2009  

Destinasjon Voss

Destinasjon Voss er eit reisemåls- og utviklingsselskap.  Hovudoppgåver er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv.

Voss Turistinformasjon

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa, og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.


Festival Voss

Festival Voss BA er eit samarbeidsorgan for festivalar og tilskipingar på Voss.


Destinasjon Voss AS 

Telefon: 406 17 700   E-post: post@visitvoss.no    Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss, Norway   Besøksadresse: Magasinvegen 35, 5700 Voss 

Medlem av: