Voss Resort, Voss Fjellandsby Myrkdalen, Røldal Skisenter og Folgefonn Sommarskisenter har gått saman om eit felles heilårs skikort og interessa har vore over all forventing.
Å stå på ski heile året med heilårs skikort i eit av dei mest snøsikre områda i Noreg og i 4 skisenter som ligg i kort avstand frå kvarandre har vist seg å vere eit ettertrakta tilbod og verkar svært lovande for tida framover!

Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
Ski Heile Året: Voss Resort – Myrkdalen – Røldal – Folgefonn
Skikøyring er ikkje kun forbeholdt vinteren. Skidestinasjonane i Hordaland kan tilby attraktive skiopplevingar heile året, i kort avstand frå kvarandre. Unikt for Hordaland er mogelegheita for å stå på ski 12 månader i året, takka vere Folgefonn Sommarskisenter. Når dei snøsikre vinteranlegga stengjer i mai, er det klart for opning på Folgefonna. Folgefonn Sommarskisenter ligg på isbreen Folgefonna, ca. 19 km frå Jondal.
Føretrekk du skikøyring i vintermånadene, kan Voss , Myrkdalen og Røldal by på utsøkte forhold. Det unike fjordlandskapet i vest, med eit terreng som blanda med mange tunge snøfall, gjer løypenettverket variert, spanande og vakkert. Her har me både frikøyringsterreng og trygge, familievenlege løyper frå november til mai.
Heilårs skikort er rive vekk...
Fire av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg har gått saman om eitt felles heilårskort. Dette heilårs skikortet gjev tilgjenge til skianlegga i Voss Resort, Myrkdalen, Røldal Skisenter og Folgefonn Sommarskisenter.
I fyrste omgang vart eit begrensa antal heilårs skikort lagt ut for sal og interessa har vore enorm, nærare 300 søknader er registrert. Onsdag 21.10 får dei 200 fyrste søkarane tilbakemelding om at dei får kjøpe heilårs skikort.
Mange har òg nytta høvet til å koma med positive tilbakemeldingar om kva dei synest om tilbodet; "No flyttar eg heim" er kanskje ein av dei mest slåande kommentarane!
Ski Heile Året – eit større samarbeid i Hordaland
Skidestinasjonane i Hordaland og Fjord Norge skal tilby attraktive skiopplevingar – 12 månader i året – for den norske og internasjonale marknaden. Samarbeidet skal bidra til at skidestinasjonane i Hordaland kan møte internasjonale krav til moderne skianlegg - med særleg vekt på lokal infrastruktur, servicetilbod og mangfald i opplevingar. Dette heilårs skikortet vil vere eit viktig bidrag inn i dette samarbeidet mellom skianlegga, Hordaland Fylkesommune, Fjord Norge og Innovasjon Norge.
For meir informasjon:
Prosjektleiar: Erik Østlie
erik@visitvoss.no