Næringsliv/kommune

Her vil du finne aktuelle saker med tema næringsutvikling, rammevilkår for næringsliv og andre politiske saker som har konsekvenser for næringslivet.  Kontaktforum næringsliv-kommune, MINTA gruppa og dugnadssamlingar for Raundalen er aktuelle tema no.

Sist oppdatert   01.12.2010  
Raundalselva og planar om kraftutbygging

Raundalselva og planar om kraftutbygging

Hausten 2010 vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere utbygging av Raundalsleva. 

Dugnadsmøter med tema Raundalen

Styringsgruppa som arbeider med Raundalen har invitert til 4 dugnadssamlingar denne hausten, med ulike tema.   Notat frå desse møta kan du finne her.


Samhandling mellom næringslivet og Voss kommune

Gjennom 2010 har det vore arbeida med å få ein tettare dialog med kommunen.  Den 6.oktober hadde me fyrste møte i Kontaktforum. 

Den 24.mars 2011 var oppstartmøte for rullering av Strategisk næringsplan 2011 - 2014.  Nå må me i næringslivet ta ansvar for at denne planen vert et viktig styringsdokument.  Destinasjon Voss v/dagleg leiar er aktiv deltaker i arbeidet.  Viktige dokument for arbeidet med ny næringsplan vert lagt ut både her og på kommunen sine heimesider.

MINTA gruppa

Etter modell frå andre destinasjonar har Voss også fått si MINTA gruppe. MINTA er forkorting for Marknad, Informasjon, Næring, Turisme og Arrangement.  Å bringe desse interessene saman, vil føre alle eit skritt vidare i arbeidet med å gjere destinasjonen til eit enda meir interessant besøksmål, heile året.  Noko som igjen vil gje meir verdiskaping til alle.

   

 


Leonardo-stipend tilgjengeleg frå fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune v/Reiseliv har til rådigheit 2 stk Leonardo da Vinci-stipend for personar knytt til reiselivsbedrifter som ynskjer eit utanlandsopphald for å lære av andre bedrifter, skaffe seg nye impulsar og/eller byggje internasjonalt nettverk.

Turistinformasjonen inn i Vangsgata 20

Turistinformasjonen inn i Vangsgata 20

Frå 1. april vil Destinasjon Voss ha ansvar for drift av turistinformasjonen.


Voss inn i Bergen turistinformasjon

Voss inn i Bergen Turistinformasjon

Nytt vertskapssenter for kultur, opplevingar og reiseliv i Bergen.


Destinasjon Voss AS

Phone: +47 406 17 700   E-mail: post@visitvoss.no    Postal Address: Postboks 300, 5702 Voss, Norway   Visiting Address: Vangsgata 20, 5700 Voss 

Medlem av: