Etter modell frå andre destinasjonar har Voss også fått si MINTA gruppe. MINTA er forkorting for Marknad, Informasjon, Næring, Turisme og Arrangement. Å bringe desse interessene saman, vil føre alle eit skritt vidare i arbeidet med å gjere destinasjonen til eit enda meir interessant besøksmål, heile året. Noko som igjen vil gje meir verdiskaping til alle.
Målet for arbeidet i MINTA gruppa er auka verdiskaping gjennom samhandling om arrangement, både etablerte arrangement og evt nye. I fyrste omgang er det dei store verksemdene og arrangørane som er med innan overnatting, festivalar og arrangement, Voss sentrum og Amfi, Voss kommune, Festival Voss og Destinasjon Voss. Gruppa har fast møte to timar kvar månad, onsdagen midt i kvar månad kl 0900-1100 på Hålandshuset.
Saker kan meldast fortløpande til Destinasjon Voss v/Anne Grethe. Alle medlemmar i destinasjon Voss kan melde saker inn til MINTA gruppa.
Referat frå møta, og alle dokument som vert produsert gjennom gruppa, vert tilgjengelege på bransjenett. Fyrste møtet var den 17.11.10. Hovudtema var årshjulet for arrangement på Voss for 2011.
Referat frå møtet den 17.11.10 (pdf format)
Årshjulet for arrangement 2011 (pdf format)
Referat frå møtet 15.12.10 (pdf format)
Referat frå møtet 15.02.2011 (pdf format)
Referat frå møtet 16.03.10 (pdf format)
Referat frå møtet 14.04.2011
Referat frå møtet 25.05.2011