Utbygging av ny skytebane
Voss Skyttarlag si nye storstove tek form. Dei faste innstallasjonane som skyttarhus, sanitærbygg med avløp til tett tank er ferdig bygt. Standplassoverbygg 100m er bestilt hjå Moelven Bygg as, venteleg ferdig i midten av mai. 200m standplass ferdig i august/september i år.
Diverre vert ikkje elektronikkløysing på felten ein realitet til 2012. Forsvaret har ikkje kapasitet til dette no, så felten går på pappfigurar i 2012. Finfelten stang og felthurtigskyting går som planlagt i det nye anlegget. Inneleiande grovfelt i Brandsethdalen 42 kilometer frå hovedarena, eller i Skutle Herresåsen ca 10 km frå arena. Det siste er enno ikkje avklara..
Skytebanen si plassering i høve til sentrumsområdet på Vossevangen er nær optimal.
Dette på grunn av at her er det både naudsynt avstand og nærheit til sentrum.
Avstanden er relativt kort i høve til å koma til og frå, dvs ca 10 min køyring. Samstundes langt nok vekke til at det ikkje er til nevneverdig ulempe for sentrum.
Plasseringa i bygda er også på ein stad der ein ikkje kjem i konflikt med andre viktige samfunnsinteresser. Eit moderne skyteanlegg i Vossabygda er og viktig for svært mange andre brukarar i Vestlandsregionen. Her er jernbane og det er gode tilkomstvegar i mange retningar.
Alt i alt så skulle det vera mange samfunnsmessige faktorar som gjer at dette vert eit godt anlegg på den rette staden..
Sist oppdatert
27.04.2011