Skyttarar frå Hordaland fylke har vorte Skyttarkonge heile 16 gonger (17 dersom vi tek med Jon Klyve i 1969. Han skaut då for Oslo Østre, men er oppvaksen i Fyksesund).
Olav Medås, Granvin, vart Skyttarkonge 3 gonger, 1952, 1963 og 1971, medan Stanley Kvamme vann i 1953 og 1957, Thormod Næs vann og to gonger, 1964 og 1967.
Jon Istad, Voss vart Skyttarkonge på Kongsberg i 1959, og er einaste Skyttarkonge frå Voss dersom vi ikkje reknar Skyttarkongen frå 1913, Nils H Bolstad, Bolstadøyri, frå Voss. Bolstadøyri tilhøyrde Evanger kommune fram til 1964 då dei vart overført til Voss kommune.
Første skyttarkongen frå Hordaland fylke var Nils D Drange, Os, i 1898.
1898 Nils D Drange, Os
1913 Nils H Bolstad, Bolstadøyri
1924 Ola Mo, Bergen
1952 Olav Medås, Granvin 1. gong
1953 Stanley Kvamme, Bergen Nordre - 1. gong
1957 Stanley Kvamme, Bergen Nordre - 2. gong
1959 Jon Istad, Voss
1963 Olav Medås, Granvin - 2. gong
1964 Thomod Næs, Laksevåg - 1. gong
1967 Thormod Næs, Laksevåg - 2. gong
1969 Jon Klyve, Oslo Østre
1971 Olav Medås, Granvin - 3. gong
1977 Per H Aalvik, Ålvik
1988 Ove Vik, Fana
1990 John Olav Ågotnes, Fana
2001 Arild Brodahl, Fana
2010 Knut Jørgen Brodahl, Fana