Informasjon om overnatting under LS2012 på Voss

Under LS2012 vert det stor camp i Bømoen, nær skyttarbanen. Dette området har lange tradisjonar som leirområde for forsvaret, og er "midt i blinken" som LS camp. I tillegg til campen, så har reiselivsbygda Voss mange overnattingsalternativ å tilby.

Bømoen leir
Bømoen leir
Foto: henta frå Wikimedia Commons By David40226543 (Eige verk) CC-BY-SA-3.0 (www.creativecommons. orglicensesby-sa3.0)

Skyttarcamp og skuleovernatting

Per dato så er det kun LS2012 hovudcamp på Bømoen som er avklart som skyttercamp. Her er det målt opp om lag 850 oppstillingsplassar og området ligg kun ein 1500 meter frå skytebanen/arena til fots.

Informasjon om bestilling a plass på skyttarcampen finn du her.

Hotell, hytter, hus og leilegheter på Voss

Reiselivsbygda Voss har fleire overnattingalternativ å by på. Du kanbestille overnatting på hotell, hytter, leiligheter og feriehus, vandrarheim og fjellstover eller camping.

* Klikk her for ein kapasitetsoversikt (opnar seg i nytt vindu). Denne oversikten viser kapasiteten til kvar overnattingsbedrift, kva bedrifter som er fullbooka og kven som har ledig per dato oppgitt i skjemaet.
* Klikk her for oversiktsliste for overnatting og meir informasjon frå den offisielle nettsida for Voss på visitvoss.no (opnar seg i nytt vindu)

Privat innkvartering

Det er også mogelegheiter for privat innkvartering under Landskytterstemnet på Voss.
* Klikk her for å få ein oversikt over privat overnatting

Leige av bobil/campingvogn på Voss

Det er få verksemder som tilbyr utleige av bubil eller campingvogner på Voss. Me veit om følgjande aktørar:


Då det i samband med LS2012 er stor etterspørsel etter bobil- og campingvognutleige, så anbefaler me å sjå etter andre alternativ i Bergen og Hordaland elles, eller på stader langs reiseruta di.

Har du spørsmål om

overnatting på hotell, i hytter/hus/leiligheter eller om privat innkvartering då kan du ta kontakt med

Voss turistinformasjon
Telefon: 56 51 94 90
E-post: info@visitvoss.no

 

Sist oppdatert   06.01.2012   Av   Gunhild Lundblad

Landsskyttarstemnet 2012

Webansvarleg LS 2012 
For Voss Skyttarlag: Arnt Orholm
For Destinasjon Voss: Linn Ravndal Norevik

E-post Landsskyttarstemnet 2012: post@ls2012.no