Informasjon om bestilling av LS2012 skyttarcamp

Hovudcampen ligg på Bømoen, som er området som er avklara som skyttarcamp per august 2011. Her er det målt opp om lag 850 oppstillingsplassar.

Den
Den "gamle" militærleiren på Bømoen
Foto: henta frå Wikimedia Commons By David40226543 (Eige verk) CC-BY-SA-3.0 (www.creativecommons. orglicensesby-sa3.0)

Utviding av skyttarcampen til andre område heng saman med behov og er ikkje avklara endå. Informasjon om andre alternativ vil bli lagt ut etter kvart som det vert aktuelt.

Bestilling av LS2012 skyttarcamp opna 1. oktober
Endeleg bestillingsfrist for skyttarcamp var 1. mai. Ynskjer du plass på campen etter at bestillingsfrista er ute, kan du sende ein forespurnad til oss, så skal me gjere så godt me kan for at du får ein plass på campen.  Forespørselen sender du via eit online skjema her.

MERK! Dersom skyttarlaget/samlaget er tidleg ute med å bestille, så er det større sjanse for at ein får plass på hovudcampen. Tildeling vil uansett skje med utgangspunkt i ei samla plassering av skyttarlag og/eller samlag.

Merk også at skyttercampen vert delt inn i områder anten med eller utan straum. Klikk her for meir informasjon.

Prisar
Prisar for skyttarcamp:
Campingbil/Vogn kr 1100,- per eining
Camping (telt) kr 700,- per eining
Straum kr 900,- per eining

Utsending av informasjon til skyttarlag/samlag
Informasjon om bestilling har blitt sendt alle skyttarlag/samlag per e-post eller brev (til dei som ikkje har e-postadresse), etter adresselister som me har motteke frå DFS.

Bestillingsfrist og bestillingsbekreftelse
1. mai 2012. Ynskjer du plass på campen etter at bestillingsfrista er ute, kan du sende ein forespurnad til oss, så skal me gjere så godt me kan for at du får ein plass på campen.

Betaling og reglar for bestillingen
Betaling skjer lagvis, gjennom skyttarlaget eller samlaget som er ansvarleg for bestillinga. Følgjande fristar og reglar vil gjelde for betaling.

Betaling må skje innan  01. juni 2012. Ved avbestilling til og med 15. juli 2012, vil 50% av beløpet bli refundert, minus strøm. Ingen refusjon ved avbestilling etter den 15. juli 2012. Ved "No show" (bestilt plass som ikkje  vert nytta) gjeld ingen refusjon.

Klikk her for å sjå kart over LS2012 hovudcamp

 

Sist oppdatert   02.05.2012   Av   LS 2012
Prisar for skyttercamp under Landskytterstemnet 2012

Prisar for skyttercamp under Landskytterstemnet 2012

Prisane for skyttercampen på Voss under Landskytterstemnet 2012 er no klar.

Bestillingsskjema skyttarcamp

Bestilling av plass på LS2012 skyttarcamp

Bestilling av plass på LS2012 skyttarcamp opna den 01. oktober. Bestilling skjer gjennom skyttarlag/samlag ved utfylling av vårt online bestillingsskjema.


Kart over hovudcamp LS2012

Kart over hovudcamp LS2012

Hovudcampen under LS2012 vil liggje på Bømoen, om lag 1 500 meter frå arenaen/skytebanen. Her er det målt opp om lag 850 oppstillingsplassar på fire ulike område. Klikk her for å laste ned kartet som PDF



Landsskyttarstemnet 2012

Webansvarleg LS 2012 
For Voss Skyttarlag: Arnt Orholm
For Destinasjon Voss: Linn Ravndal Norevik

E-post Landsskyttarstemnet 2012: post@ls2012.no