Det er enkelt å koma seg til Voss. Bygda ligg sentralt plassert på Vestlandet, berre ein god time frå Bergen og ”i hjarta av Fjord Noreg”, midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden.
Voss er eit trafikkknutepunkt i det at stamvegen (E16) mellom Bergen og Oslo, går gjennom kommunen og det gjer også innlandsruta Rv 13 frå sør til nord. Skal du frå hovudstaden til Voss, så har du faktisk heile 4 alternative reiseruter!
I tillegg er Voss ein sentral stopp langs Bergensbanen (togstrekninga mellom Oslo og Bergen) og for ekspressbussar og rutebussar i regionen elles.
Innfallsportar med fly, buss eller båt:
Bergen er hovudinnfallsporten for ankomstar til Vestlandet med fly, buss eller båt, både frå Noreg og utlandet. Om du er på rundreise i Noreg, så er det fleire stader du kan koma deg vidare til Voss med offentleg transport. Her er ein oversikt over nokre innfallsportar:
- Bergen
- Sognefjorden: Sogndal, Flåm/Gudvangen og Vik i Sogn
- Hardanger: Ulvik, Norheimsund