Korleis koma hit

Det er enkelt å koma seg til Voss. Bygda er eit trafikknutepunkt for tog og buss og ligg sentralt plassert på Vestlandet langs E16 i vegnettet aust/vest mellom Oslo og Bergen og langs innlandsruta sør/nord RV13 mellom Sandnes og Balestrand.

Korleis koma hit

Bergen er hovudinnfallsporten for ankomstar til Vestlandet med fly, buss eller båt, både frå Noreg og utlandet. Om du er på rundreise i Noreg, så er det fleire stader du enkelt kan koma deg vidare til Voss med offentleg transport.

Klikk på overskriftene nedanfor for meir informasjon om å koma til Voss.

Sist oppdatert   25.05.2011  

Med eigen bil til Voss

Voss ligg sentralt plassert i vegnettet på Vestlandet. E16 mellom Oslo og Bergen går igjennom Voss og innlandsruta Rv13 mellom sør og nord går òg igjennom kommunen.

Med offentleg transport til Voss

Voss er ein sentral stopp langs Bergensbanen på togstrekninga mellom Oslo og Bergen og for ekspressbussar og rutebussar i regionen.


Bergen - hovudinnfallsport til Vestlandet

Bergen er eit knutepunkt for ankomstar både frå utlandet og frå Noreg. Du kan koma deg til Bergen med fly, båt og ekspressbuss, før reisa går vidare til Voss.


Voss Turistinformasjon | Telefon: 406 17 700 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Vangsgata 20 | Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: