Vår bygd, ditt lerret

På Voss møter du vossingar og venner av Vossebygda, fjell og skogkledde dalar, elver, fossar og vatn. Dette er utgangspunktet ditt når du skal forma di personlege vossaoppleving.

Rafting i Strandaelva
Rafting i Strandaelva
Foto: Voss Rafting Senter
Guida vandring med Heritage Adventures
Guida vandring med Heritage Adventures
Foto: Heritage Adventures

Kvifor Voss?

Voss er bygd for sterke opplevingar - heile året. Naturen og landskapet er inspirasjonskjelda bak det mangfaldet av aktivitetar du som tilreisande og me som fastubande har å velje i her på Voss.

I nesten 200 år har Voss teke i mot besøkande på jakt etter opplevingar basert på natur, lokalkultur og tradisjonar. Her fant me tidleg ut at det går an å gjere meir enn berre å sjå på det vakre landskapet. Dei mest entusiastiske vart til slutt ein del av naturen, som "faste innslag" i dei buldrande elvestryka og som prikkar på blå himmel og kvit snø.

I dag, så kan alle bli del av naturen på Voss. Her er eit mangfald aktivitetar å velje i for både store og små, for dei vågale og for dei mindre vågale.

Anten du no søkjer fred og ro i vene omgjevnader eller ynskjer å utfordre deg sjølv gjennom det varierte aktivitetstilbodet som finst her, så kan Voss tilby opplevingar for dei fleste.

Velkomen til bygda vår, lerretet for di vossaoppleving!

 

 

Sist oppdatert   17.11.2011   Av   Gunhild Lundblad
Eit mangfald aktivitetar vår, sommar og haust

Eit mangfald aktivitetar vår, sommar og haust

Om våren, sommaren og hausten vil du finne stor variasjon i kva du kan sjå og gjere på Voss. Gjennom eit mangfald aktivitetar kan store og små oppsøkje både intense og mindre intense opplevingar.

Skistaden Voss

Eit reisemål, to skisenter

Skistaden Voss har vintertradisjonane, OL- og VM-heltane og utfordrande, vakker vestlandsnatur! Her finn du eit reisemål, med to skisenter: Voss Resort og Voss Fjellandsby - Myrkdalen. Etter NM på ski i 2012 har bygda i tillegg fått ein langrennsarena på nasjonalt nivå i Voss Ski- og Tursenter. I naturskapt vossasnjo ligg tilhøva godt tilrette for å bli god på ski!


Voss - OL bygda*

* På Voss betyr uttrykket "OL-bygd" talet på OL-medaljar og ikkje arrangørstad. Med knapt 14 000 innbyggjarar kan Voss visa til heile 19 olympiske medaljar innan vintersportsgreinene!

Vossajobb.no

Voss heile året: Vossajobb.no

Vossajobb.no presenterer ledige stillingar på Voss og nyttig informasjon for deg som kanskje skal ta steget mot å bli ein del av bygda vår.



Voss Turistinformasjon | Telefon: 406 17 700 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Vangsgata 20 | Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: