Eit mangfald aktivitetar vår, sommar og haust

Om våren, sommaren og hausten vil du finne stor variasjon i kva du kan sjå og gjere på Voss. Gjennom eit mangfald aktivitetar kan store og små oppsøkje både intense og mindre intense opplevingar.

Voss Klatrepark
Voss Klatrepark
Foto: Voss Rafting Senter

April og mai er månader då både ski, badebukse og golfkølle

kan vere nyttig utstyr på Voss, medan solbriller forhåpentlegivs er eit "må ha".

  • Ski. Dette er tida for sesongavslutning i dei to skisentra, sjølv om ivrige tur- og langrennsentusiastar framleis kan gleda seg over at snøen ligg kvit og lokkande på Vikafjellet og i andre fjellområde.
  • Badebukse må du ha på deg om du skal bli med Voss Rafting Senter på årets fyrste rafting tur.
  • Golfkølle treng du hjå Voss Golfbaner om du etter skituren ynskjer å roa ned på ei grøn matte.
  • Solbriller er viktig når du på solfylte dagar skal vere med på ein av dei mange rundturane inn i verdsarvområde eller speide opp mot prikkane på himmelen medan du lurer på om eit tandem fallskjerhopp eller ein tandem paraglidingtur er noko for deg. 


Etter kvart som sommaren gjer sitt inntog,

 i juni, juli og august, veks òg mangfaldet innan opplevingstilbodet. Desse månadane er det høgsesong for mange av aktivitetane. Snøsmeltinga gjer at du tørrskodd kjem lengre innover i fjellheimen, i tillegg til at det vert meir sannsyleg at fjellauren bit på kroken sjølv om han bur fleire høgdemeter over havet.


Ein snøfri rallarveg, nye fargar i fjella og tjukkare våtdrakter

markerer at det er i september og oktober at du må nytta sjansen, før snøen dekkjer landskapet og skisesongen lokkar med heilt andre aktivitetar.


Du kan finne ut kva du kan sjå og gjere på Voss desse månadane ved å klikke på lenkane til dei følgjande menypunkta:   Aktivitetar  Attraksjonar  Det skjer  Shopping & servering

 

Sist oppdatert   09.04.2013  

Kontaktinformasjon

Voss Turistinformasjon
Vangsgata 20, 5700 Voss, Norge
E-post: info@visitvoss.no
Tlf: 406 17 700 

Bransjekontakt:
Destinasjon Voss AS

 

Våre Opningstider

September - Mai:
Måndag - Fredag: 08:30 - 16:00
Laurdag: 09:00 - 15:00

Juni - August:
Måndag - Fredag: 08:00 - 19:00
Laurdag: 09:00 - 19:00
Sundag: 12:00 - 19:00

Voss Logo

Medlem av: