RELATERTE ARTIKLAR

Eit reisemål, to skisenter

Skistaden Voss har vintertradisjonane, OL- og VM-heltane og utfordrande, vakker vestlandsnatur! Her finn du eit reisemål, med to skisenter: Voss Resort og Voss Fjellandsby - Myrkdalen. Etter NM på ski i 2012 har bygda i tillegg fått ein langrennsarena på nasjonalt nivå i Voss Ski- og Tursenter. I naturskapt vossasnjo ligg tilhøva godt tilrette for å bli god på ski!

Skistaden Voss
Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway AS

Voss – eit vinterparadis på Vestlandet

Voss har lange skitradisjonar, OL- og VM-heltar og utfordrande og vakker vestlandsnatur. Skistaden Voss er eit regionsenter med eit levande sentrum året rundt og tre skisenter som vinterstid tilfører bygda eit alpepreg gjennom ski og vinteropplevingar for både store og små. Det er ikkje utan grunn Voss er arrangørbygd for VM Freestyle 2013 og Ski NM 2012.

 

Enkelt å koma til Voss

Bygda ligg sentralt plassert i Fjord Norge, i kort avstand frå Bergen og med utfluktsmuligheter til dei kjende fjordane Nærøyfjorden/Sognefjorden og Hardangerfjorden. Les meir om korleis koma til Voss med eigen bil og offentleg transport.

Vinterstid har både Voss Resort og Voss Fjellandsby Myrkdalen eit samarbeid med Fjord Tours om skibillett til Voss med tog frå Bergen.

 

Eit reisemål - to skisenter

På Voss kan du stå på ski i våre to skisenter: Voss Resort og Voss Fjellandsby – Myrkdalen. I tillegg har Voss langrennsarenaen Voss Ski- og Tursenter som arrangerte Ski NM i januar 2012. Voss Resort har sitt velkomstsenter i Bavallen, cirka 5 kilometer frå Voss sentrum. Voss Fjellandsby ligg i Myrkdalen, ein kort køyretur på cirka 25 kilometer frå Voss sentrum. Voss Ski og Tursenter finn du ca 3 km frå Voss Sentrum. Gjennom våre skisenter kan Voss tilby ei variert skioppleving med gode bakkar for nybyrjarar og krevjande terreng for dei beste i eit av dei mest snøsikre områda i Noreg.

Voss Resort og Voss Fjellandsby - Myrkdalen har eigne barnetrekk i familievenlege område og tilbyr sjølvsagt både skiutleige og skiskuleundervisning for alle nivå.

Voss Ski og Tursenter kan by på langrennsløyper i alle variantar. Det er og muligheter for langrenn og turgåing i nær tilknyting til skisenter og i andre område i bygda.  Er du heldig så kan du kanskje finne inspirasjon i eit møte med ein av dei lokale OL- eller VM-heltane frå Voss, for veit du at Voss er den staden i verda som har hatt flest deltakarar i vinter-OL, sett i forhold til folketalet?

 

Andre vinteropplevingar

På Voss kan heile familien bli med på kanefart, varme seg i eit symjebasseng eller utandørs boblebad, eller bli med på trugetur i området rundt Voss. For eldre born og vaksne er det mogeleg å bli med på rappellering, ein tandem paragliding tur eller sightseeing i helikopter som kan gje deg ein utsikt over Voss som du elles ikkje vil oppleva. I Voss sentrum finn du handlegata Vangsgata og ikkje langt unna kjøpesenteret Amfi, med sine butikkar og serveringstilbod.

Skulle du ynskja ein pause frå skibakkane, så har du fleire utfluktsmuligheter, som til dømes den kjende rundturen ”Norge i et Nøtteskall” eller ein dagstur til Kulturbyen Bergen.

Når heisane stenger er det tid for afterski og eit godt måltid. Tek du turen til Voss sentrum, finn du her kaféar med særpreg, restaurantar, pub og hotell med ein prisbelønna vinkjellar. I helgene speles det opp i pianobar og på nattklubbane i sentrumshotella.

Med våre to skisenter med løyper for hele familien og eit variert utflukts- og aktivitetstilbod, ynskjer med deg velkomen til vinterparadiset Voss – Vår bygd, ditt lerret!

 

*Snjo er det same som snø, berre på Vossamaol.

 

Sist oppdatert   10.02.2012   Av   Gunhild Lundblad
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Per Finne / Voss Fjellandsby Myrkdalen

Voss

Voss Fjellandsby Myrkdalen

Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg.

Voss

Voss Resort

I eit samla, komplett heis- og løypenett finn du eit av dei mest tradisjonsrike skisentra i landet.


Copyright © Olav Farestveit

Voss

Voss ski og tursenter

Voss Ski- og Tursenter er fylkesanlegg for langrenn og skiskyting og er plassert om lag 15 minutt med bil frå Voss sentrum. Vinter: På vinteren finn du langrennsløyper for alle nivå: Både konkurranseløyper, skileikområde og heile 20 km med turløyper i...

Voss

Heilårs skikort 2012/2013: UTSELD!

Heilårs Skikort for 2012/2013 er no utseld! Dette heilårs skikortet gjeld frå sesongstart i skisentra Voss Resort, Voss Fjellandsby - Myrkdalen, Røldal og Folgefonna sommarskisenter for sesongen 2012/2013. Har du spørsmål? Ta kontakt med Destinasjon...



Kontaktinformasjon

Voss Turistinformasjon
Vangsgata 20, 5700 Voss, Norge
E-post: info@visitvoss.no
Tlf: 406 17 700 

Bransjekontakt:
Destinasjon Voss AS

 

Våre Opningstider

September - Mai:
Måndag - Fredag: 08:30 - 16:00
Laurdag: 09:00 - 15:00

Juni - August:
Måndag - Fredag: 08:00 - 19:00
Laurdag: 09:00 - 19:00
Sundag: 12:00 - 19:00

Voss Logo

Medlem av: