18.mai kl 22.30 sender Discovery Channel programmet ”Mann mot Natur” frå Voss, Nærøyfjorden og Osafjellet i Hardanger. Mann mot natur er eit verdskjend TV-program om overlevelsesteknikk, der sjåarane får følgje Bear Grylls og kamerateamet hans til ulike stader på jorda.

Fjordlandskapet i Nærøyfjorden
Foto: Heritage Adventures
I dette programmet vil Bear Grylls m.a visa kva påkjenningar kroppen vert usett for i ulike ekstremsituasjonar i naturen og vidare korleis ein skal opptre for å redusera påkjenning og fåre. Eit døme er klippet der Bear Grylls landar med reservefallskjerm i Nærøyfjorden.
”Mann mot natur” er eit av dei mest sedde TV-programma i verda, så det er ei stor anerkjenning av fjord- og fjellområda her vest at desse vart valgt som opptaksstad denne gongen.
Filminga føregjekk i oktober 2010 og firmaet Vossafjell AS hadde rolla som lokal ”location fixer” der ein assisterte med både kartlegging av aktuelle opptaksstadar, grunneigaravtalar og tilrettelegging under innspeling. Dagleg leiar i Vossafjell AS, Ingjerd Dymbe Anda opplyser at interesserte som ikkje har tilgang til Discovery Channel kan ta kontakt for lån av DVD med opptak av programmet.