Treskjerartunet i Myrkdalen - Artisans at Work

Treskjerartunet i Myrkdalen har vorte ein del av eit nettverk av Handverkarar i Arbeid – Artisans at Work.

Treskjerartunet i Myrkdalen - Artisans at Work

Treskjerartunet vart invitert med i nettverket grunna både den høge kvaliteten på treskurden deira, og fordi dei representerer ein særs rik tradisjon frå Myrkdalen og ikkje minst Voss.

Som ein Artisan at Work er verkstaden ein del av Economusea. Organisasjonen har i meir enn 20 år jobba for å bevare tradisjonshandverk over heile den nordatlantiske regionen. Ein besøkande hos handverkaren får ein vite faget si historie, og får også sjå og oppleve korleis handverkaren jobber.

Treskjerartunet er det femte Economuseet i Noreg. Kollegaene i nærleiken er Aurlandskoen, Fjordtønna i Tysse, Oselvarverkstaden og Stine Hoff Kunstglass i Bergen. Innafor dei neste to åra skal enda fem nye kolleger opne dørene for publikum I eller nær Hordaland.

Dei andre handverkarane i nettverket kjem frå Canada, Grønland, Færøyane, Island, Irland, Nord-Irland og Sverige.

Les meir om Tresekjerartunet på heimesidene deira, eller følg dei på facebook.
Les meir om Handverkarar i Arbeid/Artisans at Work på heimesidene deira, eller følg dei på facebook.

Sist oppdatert   28.06.2012  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Svein Ulvund

Voss

Treskjerartunet Èconomusèe

Om Treskjerartunet: Treskjerartunet Èconomusèe har verkstadutsal med trefigurar og grafikk. Her kan du og sjå korleis handverket vert utført. Kva er eit Èconomusèe? Èconomusèe er ei handverksbedrift som er valt ut på grunn av sitt engasjement for...

Copyright © Svein Ulvund

Voss

Treskjerartunet

Économusée Treskjerartunet har verkstadutsal med trefigurar og grafikk. Her kan du og sjå korleis handverket vert utført. OM ÉCONOMUSÉE Économusée er ei handverksbedrift som er valt ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og autentisk arbeid....



Kontaktinformasjon

Voss Turistinformasjon
Vangsgata 20, 5700 Voss, Norge
E-post: info@visitvoss.no
Tlf: 406 17 700 

Bransjekontakt:
Destinasjon Voss AS

 

Våre Opningstider

September - Mai:
Måndag - Fredag: 08:30 - 16:00
Laurdag: 09:00 - 15:00

Juni - August:
Måndag - Fredag: 08:00 - 19:00
Laurdag: 09:00 - 19:00
Sundag: 12:00 - 19:00

Voss Logo

Medlem av: