Medaljebygda Voss

Naturen som leikeplass og treningsarena

”Eit av mine beste barndomsminne er kjensla av å vere heilt fri, ute i naturen”.  Dette sitatet er henta frå boka som fortel historia om Kari Traa.  Vossejenta som tok OL medalje i fristil kulekjøring både i 1998, 2002 og 2006.

Naturen som leikeplass
Foto: Svein Ulvund

Kari er ei av mange utøvarar frå Voss som har gått heilt til topps i OL og VM.  I ein periode på om lag 40 år – frå Jon Istad 1966 til Jori Mørkve i 2007 (begge i skiskyting) – har Voss teke heim 18 OL medaljar og 39 VM medaljar.  16 utøvarar har stått for desse prestasjonane.  SkiskyttarVM i Feistritz, Austerrike  i 1989 var eit godt ”vossameisterskap”; her tok Eirik Kvalfoss tre medaljar, Gisle Fenne to, og Anne Elvebakk tre.   Kjelde:  Nils Kvamsdal/Kjell Herheim:  frå boka VOSS, 2008. 

Andre vossingar som står på medaljelista, i tillegg t il Kari Traa, Jon Istad, Jori Mørkve, Eirik Kvalfoss, Gisle Fenne og Anne Elvebakk, er Odd Lirhus, Sverre Istad, Egil Gjelland, Anne Elisabeth Elvebakk, Gro Marit Istad Kristiansen, Kristen Skjeldal, Lars Bystøl, Hilde Synøve Lid, Hans Engelsen Eide, Jan Einar Thorsen og Astrid Lødemel. 

Kan hende er vossaungar meir uteungar enn andre?  I tillegg tar nokon av ungane med seg leiken inn i voksenverda, gjennom aktivitetar som padling, rafting, fallskjermhopping, paragliding mm.  Tilhøva for sterke opplevingar i naturen er gode på Voss og bygda har derfor mange entusiastar og aktive klubbmiljø.  Desse klubbmiljøa er viktige drivkrefter i dei tilbod ein tilreisande kan ta del i  på Voss.  Det er til dømes fallskjermklubben og paragliderklubben som tilbyr tandem hopp for den som ikkje kan fyke aleine!

 

Sist oppdatert   06.05.2011   Av   Anne Grethe Bakke

Kontaktinformasjon

Voss Turistinformasjon
Vangsgata 20, 5700 Voss, Norge
E-post: info@visitvoss.no
Tlf: 406 17 700 

Bransjekontakt:
Destinasjon Voss AS

 

Våre Opningstider

September - Mai:
Måndag - Fredag: 08:30 - 16:00
Laurdag: 09:00 - 15:00

Juni - August:
Måndag - Fredag: 08:00 - 19:00
Laurdag: 09:00 - 19:00
Sundag: 12:00 - 19:00

Voss Logo

Medlem av: