Osafestivalen har som profil å vera ein møtestad for klassisk musikk (med vekt på tidlegmusikk) og folkemusikk med kurs, seminar og konsertar. Den vart fyrste gong arrangert i 1992, då som Strengjarfestivalen. I 1994 bytte den namn til Osafestivalen, og har vorte arrangert kvart år sidan den gong. Festivalen er eit samarbeid mellom Voss Spelemannslag, Orkesteret Fossegrimen, Voss Ungdomslag og Ole Bull Akademiet.
I løpet av fire dagar kvar haust er Osafestivalen ein arena for interessante musikalske møte mellom utøvarar av tidlegmusikk frå klassisk side, og folkemusikarar frå ulike tradisjonar og kulturar. Ein ynskjer å visa dei gode og utfordrande eksperimenta, mellom anna ved å presentera musikk der etablerte skilje mellom "komponert kunstmusikk", " improvisert musikk" og "tradisjonsmusikk" vert utfordra. Osafestivalen presenterer også autentisk tradisjonsmusikk frå ulike kulturar, med stor vekt på norsk repertoar.