Frå Voss Fjellandsby i Myrkdalen går du på merka stig via Helgatun og Vetlebotn til Finnbunuten.
Turen er relativt lang, men familievenleg på lettgått stig. Frå Voss Fjellandsby / Helgatun er det 900 høgdemeter til toppen, frå Vetlebotn er det 650 høgdemeter. Om ein ynskjer å korte ned turen noko kan ein køyre til Vetlebotn (700moh) og starte turen der, vegen opp dit er ein bomveg.
Vel oppe på toppen har ein i klårversdagar flott utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Er du heldig kan du også sjå reinsdyr, sidan området rundt Finnbunuten er eit viktig bukkebeite for villreinen sommar og haust.
Lengd: 8 km og 4-5 timar tur /retur
Stigning: 950 m
Sesong: Juli – oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Voss Fjellandsby – Myrkdalen
Turkart referanse: Myrkdalen 1:50 000 (Statens kartverk), Voss 1:50 000 (Ugland IT)
Merknader: Vegen til Vetlebotn er bomveg.
På Myrkdalen Hotel i Voss Fjellandsby har du servering og overnattingsmoglegheiter, sjå www.myrkdalenhotel.no