Under Ski NM Voss 2012, i perioden 26. - 29. januar, vert det arrangert NM i langrenn, hopp og kombinert på Voss.
Voss er bygda som fostrar OL- og VM-deltakarar på nær sagt på løpande band. Kari Traa, Eirik Kvalfoss, Kristen Skjeldal og Lars Bystøl er berre nokre få av dei. No inviterar Voss heile noregseliten til å kjempa om ære og kongepokalar i bygda vår.
HOVUDARENA
I Voss Ski og Tursenter kan Voss tilby noko flott langrennsterreng i eit svært snøstabilt område, kun 15 minutt med bil frå Voss sentrum. Til øvingane hopp og kombinert har bygda gleda av å presentera den velrenommerte Bavallsbakken, med lang historie og tradisjon.
ARRANGØRAR
Skiklubbane på Voss saman med Vik IL er tildelt NMs hovuddel for nordiske greiner i 2012. Klubbane er Bjørgum IL, Bulken IL, Eldar, Vargar IL, Viljar, Voss IL, Vik IL og Ørnar IL er arrangørar.