Ski NM på Voss i 2012

Under Ski NM Voss 2012, i perioden 26. - 29. januar, vert det arrangert NM i langrenn, hopp og kombinert på Voss.

Voss er bygda som fostrar OL- og VM-deltakarar på nær sagt på løpande band. Kari Traa, Eirik Kvalfoss, Kristen Skjeldal og Lars Bystøl er berre nokre få av dei. No inviterar Voss heile noregseliten til å kjempa om ære og kongepokalar i bygda vår.

HOVUDARENA
I Voss Ski og Tursenter  kan Voss tilby noko flott langrennsterreng i eit svært snøstabilt område, kun 15 minutt med bil frå Voss sentrum. Til øvingane hopp og kombinert har bygda gleda av å presentera den velrenommerte Bavallsbakken, med lang historie og tradisjon.

ARRANGØRAR
Skiklubbane på Voss saman med Vik IL er tildelt NMs hovuddel for nordiske greiner i 2012. Klubbane er Bjørgum IL, Bulken IL, Eldar, Vargar IL, Viljar, Voss IL, Vik IL og Ørnar IL er arrangørar.

Sist oppdatert   20.06.2011  

Voss Turistinformasjon | Telefon: 406 17 700 | E-post: info@visitvoss.no | Besøksadresse: Vangsgata 20 | Postadresse: Postboks 300, 5702 Voss | Kontaktdetaljar

Bransjekontakt: Destinasjon Voss AS | Kontaktdetaljar
Medlem av: