Skistaden Voss har vintertradisjonane, OL- og VM-heltane og utfordrande, vakker vestlandsnatur! Her finn eit reisemål, med to skisenter: Voss Resort og Voss Fjellandsby - Myrkdalen. I naturskapt vossasnjo ligg tilhøva godt tilrette for å bli god på ski!

Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway AS
Voss – eit vinterparadis på Vestlandet
Voss har lange skitradisjonar, OL- og VM-heltar og utfordrande og vakker vestlandsnatur. Skistaden Voss er eit regionsenter med eit levande sentrum året rundt og to skisenter som vinterstid tilfører bygda eit alpepreg gjennom ski og vinteropplevingar for både store og små. Det er ikkje utan grunn Voss er arrangørbygd for VM Freestyle 2013 og Ski NM 2012.
Enkelt å koma til Voss
Bygda ligg sentralt plassert i Fjord Norge, i kort avstand frå Bergen og med utfluktsmuligheter til dei kjende fjordane Nærøyfjorden/Sognefjorden og Hardangerfjorden. Les meir om korleis koma til Voss med eigen bil og offentleg transport.
Vinterstid har både Voss Resort og Voss Fjellandsby Myrkdalen eit samarbeid med Fjord Tours om skibillett til Voss med tog frå Bergen.
Eit reisemål - to skisenter
På Voss kan du stå på ski i våre to skisenter: Voss Resort og Voss Fjellandsby – Myrkdalen. Voss Resort har sitt velkomstsenter i Bavallen, cirka 5 kilometer frå Voss sentrum. Voss Fjellandsby ligg i Myrkdalen, ein kort køyretur på cirka 25 kilometer frå Voss sentrum. Gjennom våre to skisenter kan Voss tilby ei variert skioppleving med gode bakkar for nybyrjarar og krevjande terreng for dei beste i eit av dei mest snøsikre områda i Noreg.
Begge skianlegg har eigne barnetrekk i familievenlege område og tilbyr sjølvsagt både skiutleige og skiskuleundervisning for alle nivå. På Voss er det òg mange muligheter for langrenn og turgåing, i nær tilknyting til skisenter og i andre område i bygda. Er du heldig så kan du kanskje finne inspirasjon i eit møte med ein av dei lokale OL- eller VM-heltane frå Voss, for veit du at Voss er den staden i verda som har hatt flest deltakarar i vinter-OL, sett i forhold til folketalet?
Andre vinteropplevingar
På Voss kan heile familien bli med på kanefart, varme seg i eit symjebasseng eller utandørs boblebad, eller bli med på trugetur i området rundt Voss. For eldre born og vaksne er det mogeleg å bli med på rappellering, ein tandem paragliding tur eller sightseeing i helikopter som kan gje deg ein utsikt over Voss som du elles ikkje vil oppleva. I Voss sentrum finn du handlegata Vangsgata og ikkje langt unna kjøpesenteret Amfi, med sine butikkar og serveringstilbod.
Skulle du ynskja ein pause frå skibakkane, så har du fleire utfluktsmuligheter, som til dømes den kjende rundturen ”Norge i et Nøtteskall” eller ein dagstur til Kulturbyen Bergen.
Når heisane stenger er det tid for afterski og eit godt måltid. Tek du turen til Voss sentrum, finn du her kaféar med særpreg, restaurantar, pub og hotell med ein prisbelønna vinkjellar. I helgene speles det opp i pianobar og på nattklubbane i sentrumshotella.
Med våre to skisenter med løyper for hele familien og eit variert utflukts- og aktivitetstilbod, ynskjer med deg velkomen til vinterparadiset Voss – Vår bygd, ditt lerret!
*Snjo er det same som snø, berre på Vossamaol.