Bli med på rafting og elvepadling i Strandaelva, nyt naturen gjennom eit slag golf på Nedkvitne, prøv tandem paragliding ut frå Hanguren og eit tandem fallskjermhopp over Bømoen.
Klikk for fleire detaljar
I vossafjella er det nærare 500 fiskevatn og elver å fiske. Velg deg ut eit område og dra på fisketur eller bli med på guida fisketur. Småviltjakta startar i september/oktober ut frå område.
Anten du søkjer fred og ro i vene omgjevnader eller du ynskjer ei utfordring gjennom meir ”ekstreme” aktivitetar, så kan Voss tilby noko for ein kvar smak. Her har du eit mangfald aktivitetar å velja i!
Voss er eit flott utgangspunkt for vandring og sykling. Sykle Rallarvegen eller Nasjonal Sykkelveg nr 4, utforsk vakre Stølsheimen og verdsarvlista Nærøyfjorden på ei guida vandring og på eiga hand.
Voss ligg midt mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden og kun ein times tid frå Bergen. Opplev høgdepunkt som Vøringsfossen, Flåmsbana, utsikten frå Stalheim, verdsarvlista Nærøyfjorden og Bryggen.
Nokre organiserte aktivitetar for barnefamiliar er familierafting og fiske- og kanotur med Voss Rafting Senter, Hangursbanen gondolbane og rebusløype hjå Voss Resort og hesteriding i Myrkdalen eller på Mjølfjell.
Ta eit steg tilbake i tid hjå museumet på Mølster, sjekk ut bowling- og aktivitetssenteret og prøv handletilbodet på Voss. Med heile sju butikkar innan kategorien sports- og friluftsliv så kan du gjere kupp!
Små og store grupper har endå fleire aktivitetar å velja i! Du kan velje mellom faste gruppeaktivitetar eller skreddarsydde opplevingar.