Sprengkulden har opna for ei naturoppleving av dei sjeldne nær sentrum av Voss: isvandring i Bordalsgjelet!
Bestill no - for når mildtvêret kjem er det slutt!

Bordalsgjelet
Foto: Voss Rafting Senter
Juvet er ei geologisk perle, og når det er islagd som no, kan ein vandre i botnen av det svært smale og 150 meter djupe juvet.
Isveggar, lange istappar og enorme jettegryter. Smale passasjar langs krystallklare kulpar. Boblande vatn og sterke straumar. Iskaldt vatn som ein helst ikkje vil ramle ned i. Spennande, men likevel trygt med dyktige guidar og riktig utstyr. No har du sjansen til å få ei naturoppleving av dei sjeldne!
Rappellering som tillegg?
50 meter rappellering kan inngå som alternativ inngang til juvet om ein ynskjer det.
Bestilling
Pris: kr 690,- per person, minimum 2 personar.
Bestilling: post@vossrafting.no eller 56 51 05 25
Pakketilbod Fleischer’s Hotel: Isvandring og overnatting
 |
Frå kr 1435,- per person*
*Gjeld dobbelt rom pr døgn inkludert halvpensjon og guidet isvandring. Minimum 2 personer.
Bestilling hotel@fleischers.no eller 56 52 05 00 |