3-dagars kurs i alpin skibestigning med Wild Voss
Kursinnhald
Dette kurset byr på lange vårdagar med toppturar, flotte nedkøyringar og mykje praktisk trening. Målet med kurset er å gjere deg i stand til å ivareta eigen tryggleik på moderate vårskiturar i alpine fjellområder. Kurset gir basiskunnskap og ferdigheiter som trengst på ryggtraversar, i bratte snøflankar og på brear. Kursinnhaldet blir tilpassa gruppa sine ønsker og forkunnskapar. Kurset foregår ute i fjellet, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Raundalen og Raundalsryggen nær Voss har mykje terreng som eignar seg godt til denne typen kurs - både på nordsida og sørsida.
Vi etablerer teltleir i Horndalen nord for Horndalsnuten fredag kveld. Frå leiren ved tregrensa har vi kort veg til mykje godt øvingsterreng og er sikra innhaldsrike dagar utan å bruke mykje tid på transport og anmarsj.
Nokre aktuelle kursmoment:
Korleis bruke RegObs, varsom.no og andre hjelpemiddel til turplanlegging?
Vurdering av terreng. Brattleiksvurdering og konksekvenstenking.
Bruk av isøks og stegjern på bratt snø. Snøbakketeknikk.
Metodar for rappell på snø og fjell.
Bruk av sikringsmiddel på snø og fjell. Bygging av standplassar.
Grunnleggande metodar for redning frå bresprekk.
Skredproblem i teori og praksis. Korleis fange opp alarmteikn frå naturen?
Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.
Evaluering av toppturen. Kva lærde du?
Krav til deltakarar
Du har minst eitt års erfaring frå toppturar på ski i ulike områder og har skredkunnskap som tilsvarer grunnkurs skred eller høgare. Du må kunne ferdast på ski under vekslande vær- og snøtilhøve med sekk på ryggen, både opp og ned.
Naudsynt turutstyr
Toppturski (Rando eller Telemark) med feller. Vind- og vanntett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller og/eller solbriller, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.
Du treng telt, sovepose, liggeunderlag og anna naudsynt leirutstyr. Kursleiar sender ut detaljert pakkeliste og samkøyrer pakking av felles leirutstyr før kurset.
Naudsynt klatreutstyr
Stegjern, isøks (breøks), klatresele, hjelm, taubrems, skrukarabinarar og nokre slynger. Leige av naudsynt klatreutstyr er inkludert i kursprisen.
Praktisk info
Etter oppmøte på fredagskveld, så gjennomgår vi kursplanen, avklarar forventningar og gjennomgår ustyr. Vi planlegg ôg turen neste dag.
Laurdag og sundag er vi i hovudsak ute på tur. Raundalsryggen har mykje terreng som er godt eigna for dette kurset. Val av område heng saman gruppas ønsker og kva vêret og forholda tillet. Eit viktig poeng er at alle får ta aktiv del i beslutningar og øvingar undervegs.
Deltakarane organiserer sjølv transport, og alle måltid undervegs på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips og råd om du treng det.
Kurset avsluttast sundag innan kl 19.00. Alle får kursbevis.