Foto:
Lars Korvald
Par på toppen av ingebjørgfjellet, hardangerbura og hardangerfjorden i bakgrunnen

Topp fem fjellturer med fjordutsikt

Voss er mest kjend for ekstremsport og ski, men i vestlandsbygda finn du også spektakulære toppturar med utsikt over Hardangerfjorden, Nærøyfjorden og Bolstadfjorden.

Kiellandbu

vår på kiellandbu, med utsikt mot botnen
Kiellandbu. Vakker utsikt mot Botnen og Folgefonna. Foto: WildVoss

Kiellandbu er eit av dei mest velkjente turmåla på Voss – og det med god grunn. Vel framme ved Kiellandbu vert du belønna med fantastisk utsikt til Botnen og utover Hardangerfjorden.

Parker på Hamlagrø, ved kraftstasjonen og følg skiltinga til Kiellandbu. Det beste med denne ruta er at heile turen til Kiellandbu er utruleg flott, langs ruta er det elver og vatn ein kan symje i, ei flott hengebru og mange flotte utsiktspunkt. DNT har ei lita hytte på Kiellandbu. Utsikta frå vindauga mot fjorden er perfekt for å ta bilete og filmklipp. Turen er om lag 6km kvar veg og går i høgfjellet.

Sjå rutebeskrivinga på ut.no her!

 

Breidskrednosi via Rimstigen

Breiskrednosi, med utsikt mot nærøyfjorden
Turen opp hit er lang, men utsikten er utvilsomt verdt det! Foto: Espen Haagensen

Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gardar og små grender.

​​Me anbefaler å gå turen til Breidskrednosi tur/retur frå Bakka ved Nærøyfjorden, ca 50 min køyretur frå Voss sentrum.

Dette er ein lang tur, med mange høgdemeter, som du må rekne å bruke 8-9 timar på t/r. Men turen er vel verdt det, frå Breidskrednosi 1189 meter over fjorden har du panoramautsikt over Nærøyfjorden og UNESCO verdsarvområdet.

Wild Voss tilbyr guida turar til Breiskrednosi

Ingebjørgfjellet & Oksen

Solnedgang over hardangerfjorden, utsikt frå ingebjørgfjellet
Høgt oppe over Hardangerfjorden. Foto: Kjartan Haugen

Ingebjørgfjellet er den mindre kjende “veslesystera” og nabofjellet til Oksen, som kan skilte med minst like fin utsikt.

Turen til Ingebjørgfjellet startar på Stokksel i Granvin. Frå Voss køyrer du til Granvin og Kjerland, så vidare mot Tveito i ca. 2 km, følg deretter Stokkselvegen til parkeringsplass.

Frå Stokksel til Ingebjørgfjellet må du rekne 4-6 timar tur/retur. Frå toppen er det spektakulær utsikt rett ned til Sørfjorden og Hardangerfjorden. Vel oppe på Ingebjørgfjellet kan du returnere ned same veg,  eller velje å gå vidare bort på Oksen. Då går ruta vidare langs ein brei høgfjellsrygg, med utsikt heile vegen.

Turen til Oksen frå Stokksel er ein lang tur, her må du rekne 8-10t tur/retur. På grunn av trafikkaos og sterkt press på lokalsamfunnet ved startpunktet på Tjoflot, anbefaler me sterkt å nytte Stokksel som startpunkt også til Oksen. 

Sjå rutebeskrivinga på ut.no her!

 

Karaldenuten

karaldenuten, utsikt mot hardangerfjorden
Denne vakre fotturen gjer nydelig utsikt. Foto: Lars Korvald

Karaldenuten innerst i Bordalen byr på flott utsikt over Hardangerfjorden.

Denne turen er ikkje merka. Den vanlegast ruta opp på Karaldenutren sommarstid, er å fylgje t-merka stig mot Ålvik til Grunganevatnet. Ved Grunganevatnet forlet du t-merka stig, kryssar elva og fyl ei naturleg line med små avsatsar opp til toppen.

Turen til Karaldenuten er ein relativt tung og bratt tur, som du må rekne minst 5-6 timar på tur/retur.

Startpunkt og parkering er ved Voss fjellstove Rongastovo, 25-30 min køyring frå Voss sentrum.

Sjå rutebeskrivinga på ut.no her! 

Jonshorgi

Utsikt over bolstadfjorden frå jonshorgi
Jonshorgi. Foto: Visit Voss

Turen til Jonshorgi er ei ukjend perle, som byr på flott utsikt over Bolstadfjorden.

For å kome til startpunktet, køyr ca 30 min frå Voss Sentrum på E16 i retning Bergen. Ved Bolstad tek du av til Rasdalen, parker ved grendahuset eller på parkeringsplass oppe ved vatnet.  

Turen er ikkje merka, men det er lett å finne vegen, sjekk kartet før du går! Den mest naturlege ruta er å fylgje Tuftedalen til endes, også dreie opp på Jonshorgi herifrå. Denne ruta er sporadisk merka med små rosa band.

Turen er ein kortare topptur, som har ei stigning på ca 300 høgdemeter og høver godt for born og familiar.

 

NB - vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.

Hugs å betale veg- og parkeringsavgift.

 
God tur!