Voss Active
©Voss Active

8 aktivitetar du bør oppleve på Voss

Voss er bygda som har noko for alle. Enten du føretrekk luft eller vatn, skyhøgt adrenalin eller kvilepuls er det ingen grunn til å kjede seg om ferieturen vert lagt hit.

Kom til Voss i haust, og opplev ei helg du seint vil gløyme! Her har me samla saman åtte av dei beste aktivitetane du kan oppleve på og i nærleiken av Voss. Etter eit besøk her vil du forstå kvifor ekstremsportbygda er ein sentral del av "Noreg i eit nøtteskal". 

LES OGSÅ: Fem fine fjellturar på Voss

1. Gondol og vandring

Visste du at Voss Gondol er den største i Nord-Europa? Bana startar på Voss Stasjon (56 moh.) og endar opp på Hangurstoppen (820 moh). På vegen har du ein spektakulær utsikt over Voss, fjord og fjell. Når du kjem til topps kan du enten gå deg ein fjelltur eller ete kortreist mat på Voss sin største restaurant, Hangurstoppen Restaurant.

Voss Gondol - hanguren panorama

Hanguren Panorama. Foto: Voss Gondol / Hunnalvatn Media
 

2. Sjå bygda fra lufta - tandem paragliding

Den beste måten å oppleva Voss på! Voss hang- og paragliderklubb tilbyr tandemturar med paragliding heile året. Ta Voss Gondol opp, og fly ned til Vangen att. Les meir her.

3. Fly uansett vær hjå Voss Vind

Om du vil ha kjensla av ekstremsport i rolegare omgjevnader: Besøk Voss sin vindtunnel. Som den første vindtunellen av sitt slag i Noreg kan alle frå 5 til 94 år oppleve kjensla av å vere vektlaus.

VossVind

Vindtunellflyging er ei heilt unik oppleving. Foto: VossVind

LES OGSÅ: To dagar og ei overnatting på Voss - dette kan du ikkje gå glipp av

4. Guida fjelltur til Kiellandsbu

Bli med på guida fjelltur i vakre omgjevnader. Turen til denne spektakulære utsikta er enkel og fint egna for heile familien. Framme ved hytta på kanten av stupet - sjølvaste Kiellandsbu - kan du nyte synet heilt til Folgefonna på andre sida av Hardangerfjorden. Wild Voss sørger for varm lunsj av lokalproduserte matrettar på primus. 

5. Rafting/familierafting

Rafting er ein av dei mest populære aktivitetane på Voss, og du får garantert ei fantastisk oppleving av internasjonal klasse om du vel å padle i ei av elevene våre! Voss Active tilbyr både rafting og familierafting. Turane er på 7-8 kilometer og passar både for nybegynnarar og erfarne.

LES OGSÅ: Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

6. Sykkelferie i Myrkdalen

Om du trudde Myrkdalen berre var ein vinterplass, må du tru om igjen. Her er det minst like mykje å gjere på sommaren og hausten. I tillegg til flust av turmoglegheiter, har Myrkdalen mange veleigna område for terrengsykling - med andre ord perfekt for familiar som ønskjer ein aktiv ferie! Her er det utleige av både elektriske og vanlege terrengsyklar, og du kan boltre den i den nye pumptracken eller i dei nye hopplinjene. Her finst det noko for alle nivå! 

Pumptrack i Myrkdalen

Pumptracken i Myrkdalen. Foto: Myrkdalen / Hunnalvatn Media

7. #Reinglede i Vossabadet

Litt trist haustvêr ute? Då er det perfekt å ta turen inn i Vossabadet! 25 meter langt treningsbasseng, stupebasseng med 1-, 3- og 5-meter, og oppvarma basseng med 32 grader. Badstu er det òg! 

8. Klatring på Staup

Prøv både klatring og rappell i flotte omgjevnader! Ved vakre Staup, nokre kilometer frå Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Les meir her.

Klatring på Staup

Klatretur på Staup i vakre omgjevnader. Foto: Wild Voss

Oversikt over alle haustaktivitetar på Voss samt meir informasjon finn du her.

LES OGSÅ: Difor bør du legge ferien til Voss

<% totalFilter %> filter applicerade