Youtube video image

Actionfylte aktivitetar på Voss

På Voss har me noko for alle, enten du føretrekk skyhøg adrenalin i luft eller vatn, eller roleg kvilepuls. Kjenn på utfordring og meistring saman.

Rafting - Voss Active 

rafting på voss, med voss active

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Padlara frå heile verda reiser til Voss for å utfordra seg i elvene våre så dette er ei unik oppleving. Det spelar heller ingen rolle om det er sol eller regn - her blir det garantert vått!

Tandem fallskjermhopp

tandem fallskjermhopp over voss

Her får du sjå vestlandsnaturen frå skikkeleg fugleperspektiv og du får ei smakebit på Ekstremsportveko og ekstremsportbygda. Stemninga på hoppfeltet er også heilt spesiell og i kaféen får ein mykje god og lokal mat. Ta gjerne lunsjen her… etter hoppet. 

NB! Blir fort utsolgt.

Klatring - Wild Voss

klatrområdet på voss, omfavnet av grønn skog, fjell og vann

Prøv deg på klatreoppleving eller fjellklatring i flotte omgivelser. Klatring gir både ei fysisk og mental utfordring og er derfor perfekt for å tømme hovudet for alt anna og berre vera til stades med si eiga klatring. Wild Voss har sertifiserte instruktørar og du får du prøve deg på klatring og rappell tilpassa ditt nivå.

Juving - Voss Active

juving på voss

Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langs elva, i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vass-sklier, små stryk og krystallklare kulpar.

Juving er berre tilgjengeleg når elvene har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane (vanlegvis seint på sommaren).

SUP-tur - Outdoor Norway

sup i raundalselva på voss

SUP-brett er ei spennande og morsom aktivitet. Med Outdoor Norway får du sjå både Voss og elva Vosso frå eit heilt nytt perspektiv. Ein starter med litt trening på Vangsvatnet før ein køyrer til elva. Alle turane er i små grupper slik at guiden kan tilpasse turen etter erfaring og nivå. Vil ein utforske Vangsvatnet aleine kan ein også leige SUP-brett. 

Packrafting med Kayak Voss

dame som surfer en bølge i packraft, på voss

Fyrst og fremst er packrafting veldig kjekt! Raft'ane er breie og stabile flåtar, som passar for ein person. Dei kan veie så lite som 2kg og få plass i ein ryggsekk. Packraftane er slitesterke og enkel å læra seg, og kan derfor brukast både på vatn og elv. Dette er blitt ein meir og meir populær måte å uforske padleverda på, sidan raftane er så lette, stabile og har mange bruksområde.

Fly i vindtunnel - Voss Vind

dame som flyr i vindtunnelen, i voss vind

Har du alltid drøymt om å fly? Hjå Voss Vind får du kjenne på følelsen av å vera vektlaus. Denne aktiviteten passar for alle og ein treng ingen erfaring. Du får gode instruksjonar før og under flyginga. Her får ein utfordring og meistring i heilt trygge omgjevnader. Å dele ei slik oppleving saman er heilt spesielt og ein får definitivt noko å prate om under neste middag. Det er heilt trygt å fly, berre ekstremt morro! 

Overnatting på Voss:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Andre kjekke aktivitetar:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Les også: