cbis:2052021
cbis:2052021
cbis:2052021
cbis:2052021
cbis:2052021
cbis:2052021

Aktivitetspakke familie - vindtunnel, rafting og gondol

<p>Gjer noko nytt kvar dag denne ferien! Med familiepakka får du ein dag med rafting, ein dag i vindtunnelen og ein valfri dag med gondolen.</p>

No kan du kjøpe ei samla pakke med dei mest populære aktivitetane på Voss. Pakka legg opp til rafting på tysdag/fredag og vindtunnel onsdag/laurdag. Gondolen er valfri.


Rafing grad 2

Rafting er den mest populære familieaktivitene på Voss. Kvar sommar er Voss Active fullbooka med gjester som ynskjer ein tur med den naturlige berg- og dalbana. Ein får prøve både store, stødige raftingbåtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!


Vindtunnel

Hjå Voss Vind kan heile familien fly som supermann i Norge sin første vindtunnel. Den yngste som har flydd var 5 år og den eldste som har flydd var 100, så dette passar garantert til alle. Med liten pakke, på 3min, vil dei fleste oppleve stor meistring og glede. Å fly er faktisk noko mange får godt til, veldig fort!


Voss Gondol

Voss Gondol tar deg opp til Hangurstoppen 820moh. Her ligg mange flotte turområde som passar både dei med barnevogn og dei som ynskjer lengre turar på sti. På toppen av fjellet finn du også den populære hangurshusko. Her kan du ta bilete på Voss sin kanskje beste insta-spot. Hangurstoppen Restaurant ligg vegg i vegg med toppstasjonen til Voss Gondol, her kan du få kaffi, snacks, enklare lunsjrettar og full middag.