Aktivitetspakke - vind, vatn og gondol
Kjøp dei mest populære sommaraktivitetane på Voss i ei samla pakke. Med denne pakka får du rafting på ankomstdag (tysdag/fredag) og fly i vindtunnelen på dag to (onsdag/laurdag). Gondolen er på valfri dag.
Rafing grad 2
Rafting er den mest populære familieaktivitene på Voss. Kvar sommar er Voss Active fullbooka med gjester som ynskjer ein tur med den naturlige berg- og dalbana. Ein får prøve både store, stødige raftingbåtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!
Vindtunnel
Hjå Voss Vind kan heile familien fly som supermann i Norge sin første vindtunnel. Den yngste som har flydd var 5 år og den eldste som har flydd var 100, så dette passar garantert til alle. Med liten pakke, på 3min, vil dei fleste oppleve stor meistring og glede. Å fly er faktisk noko mange får godt til, veldig fort!
Voss Gondol
Voss Gondol tar deg opp til Hangurstoppen 820moh. Her ligg mange flotte turområde som passar både dei med barnevogn og dei som ynskjer lengre turar på sti. På toppen av fjellet finn du også den populære hangurshusko. Her kan du ta bilete på Voss sin kanskje beste insta-spot. Hangurstoppen Restaurant ligg vegg i vegg med toppstasjonen til Voss Gondol, her kan du få kaffi, snacks, enklare lunsjrettar og full middag.