For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Tekst og foto: Sara Finne
- Ingen av oss hadde råd til å starta butikk på Vangen åleine. Så da måtte me berre gå i lag, då! seier Kristin Lemme.
Kristin er gründer av merket FLOR, som lagar arbeidsklede for kvinner. I haust opna ho butikken «Lokal» på Vangen i lag med kledesignar Ingrid Brandseth og illustratør Lilly-Anne Selland. Og heile ideen starta faktisk ein kveld i teltet på Ekstremsportveko.
- Meg og Ingrid hadde akkurat høyrt at lokala sto tomme, og så møtte me på Lilly-Anne på Ekstremsportveko. Me spurde om ho var gira, og det tok ikkje lange tida før me hadde bestemt oss for at dette måtte me gjera, seier Kristin.
- Og då hadde eg faktisk berre hatt eitt glas vin! seier Lilly-Anne og ler.
Det var impulsivt, men Lilly-Anne hadde ein god magekjensle for butikken med ein gong. Ho er illustratør under namnet "Illulilly", og i hennar hjørne av butikken kan du verkeleg gå på skattejakt. Her finn du bilete og kunst som ho har laga sjølv, i tillegg til gaveartiklar til både born og vaksne frå andre produsentar. Ho har også eit lite hjørne med barneklede.
- Tanken er at det skal vera ein litt «finare» gåvebutikk, med spesielle småartiklar som du ikkje finn andre plassar. Og fine tine ting til hytta eller heimen. Alt eg tek inn i butikken er av god kvalitet, og mykje er vestlandsprodusert, seier ho.
Rett attmed har designar Ingrid Brandseth sin avdeling, og ho produserer klede som skal ha lang levetid. Derav namnet – «150 Yards Ahead».
- Alle kleda er unisex – altså at dei kan brukast av både menn og damer. Dei er økovennlege og av høg kvalitet, og er laga i små produksjoner. Meininga er at ein skal tenkja seg nøye om før ein kjøper eit plagg, seier Ingrid.
I tillegg til eigenproduserte klede, har ho også eit «vintage»-hjørne inne i butikken.
- Her kan du finna håndplukka bruktklede-skattar. Det er jo så mykje fint der ute!
I Kristin Lemme sin del av butikken finn du merket FLOR – som betyr fjøs på «vossamaol». FLOR er altså arbeidsklede for kvinner, som både er funksjonelle og fine og sjå på. Til no har dei produsert to bukser og to jakker, og fleecejakke og kjeledress er rett kring hjørnet.
- Også måtte me laga ein t-skjorte til menn også, for me fekk så mange førespurnader om det! Med teksten «Eg likar kvinner i FLORen», seier Kristin og ler.
Sjølv om dei har kvar sin del av butikken, driv dei i lag. Dei har ope frå torsdag til laurdag kvar veke – eller – når ljoset er på.
- Me har også kontor her, så om det er nokon her inne, må folk berre banka på! Då skal dei få koma inn og kikka, seier dei.
Kristin, Ingrid og Lilly-Anne håpar dei kan vera eit positivt tilskot til Vangen, og bidra til meir aktivitet og handel og mindre gråpapir i vindauga.
- Og om det er fleire som har lyst å starta butikk og ikkje har råd, så har me plass! Me vil også ha gjestar her på helgebasis som kan koma for å selja tinga sine. Det er det som er heile grunntanken bak butikken, at ein hjelper kvarandre fram, seier dei.
Voss Turistinformasjon
Adresse:
Skulegata 14
5700 Voss
Tel: (+47) 406 177 00
E-post: info@visitvoss.no
Voss Turistinformasjon ligg midt i sentrum.
Copyright © 2019 Voss
Følg oss...
Facebook
Youtube
Instagram