For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Tekst og foto: Sara Finne
Vangen Café er ein stad der folk kjem for å møta folk, ikkje berre for å eta god mat. Og nokre kjem til og med innom for å helsa på oss som jobbar her også, seier Anita Knapstad og smiler.
- Og me deler gjerne ut klemmer. Til alle som vil ha!
Det er komletorsdag på kafeen, og sjølv om klokka så vidt har bikka eitt på føremiddagen, er det fullt hus. Anita har teke seg ei ørlita pause i serveringa, men ho kan ikkje sitja lenge. På kjøkkenet står systera Britt, som ho driv kafeen i lag med, og mor deira Annlaug. Vangen Café vart starta opp i 1963, og fram til 2018 låg kafeen litt lenger borte i Vangsgata, i andre etasje.
- Det var ein klassisk «brun» kafe, med mange stamgjester, ein god del av dei eldre folk. Kafeen hadde ein eigen stemning og tryggleik, og det var den me ynskte å ta med oss når me skulle flytta, seier Anita.
Nokre av stamgjestene var litt skeptiske då det vart kjend at kafeen skulle flytta i nye og moderne lokale som var over dobbelt så store. Kva med dei faste plassane og alle dei innarbeidde rutinene?
- Men det ser faktisk ut til at alle dei faste kundane har «blitt med oss vidare» til den nye kafeen. Det set me veldig stor pris på, seier ho.
Kontrastane frå den gamle kafeen er store. Dei nye lokala ligg på gateplan og er store, luftige og ljose, med moderne interiør og ei lun stemning. Frå borda kan du sjå ut dei store vindauga på dei som går forbi på Vangen.
- Etter at me flytta har Vangen Café plutseleg blitt ein plass for alle. Kafeen er mykje meir tilgjengeleg no når me er på gateplan, både for rørslehemma og dei med barnevogn. No har me alle slags folk innom, alt fra ungdommar og arbeidskarar til småbarnsmødre og eldre, seier Anita.
På kafeen finn du god, gammaldags heimelaga tradisjonsmat, med strek under heimelaga. Det er det som er sjølve grunnsteinen til kafeen.
- Her på kjøkenet lagar me alt sjølve, ja! Kjøtkakene, komlene, kakene, alle dressingar og sauser… Ertene må leggjast i bløt dagen før, ellers vert det ikkje ertestuing, seier Anita og ler.
Og når maten er heimelaga, er det heller ingen snarvegar. Det er ikkje berre å varma opp fleire komler når det er tomt. Då er det tomt.
- Mange trur at det ikkje er levedyktig å driva kafé med berre heimelaga mat, men det er tull. Det går heilt fint, så lenge du har engasjerte sjeler på kjøkenet. Dessuten så hadde kundane merka om me hadde «juksa» og brukt halvfabrikat. Det er ikkje aktuelt, seier ho.
Men det er ikkje berre gammaldags mat å få. På menyen finn du også innslag av meir moderne rettar, i tillegg til stadig fleire vegetarmåltid.
- Me må jo prøva å hengja litt med på denne vegetarbylgja, ja, sjølv om det er rettar med kjøt me tradisjonelt har vore best på. Det er spennande å eksperimentera litt!
Uansett om får lyst på komler, moussaka eller vegetar, så er det altså noko for deg på menyen til Vangen kafe. Eller om du berre vil ta ein kaffekopp og ein prat.
- Det er det som er så fint, at folk kjem hit for å vera sosiale. Og særleg dei eldre, som sit mykje åleine. Her er alle velkomne, seier Anita.
Voss Turistinformasjon
Adresse:
Skulegata 14
5700 Voss
Tel: (+47) 406 177 00
E-post: info@visitvoss.no
Voss Turistinformasjon ligg midt i sentrum.
Copyright © 2019 Voss
Følg oss...
Facebook
Youtube
Instagram