cbis:2650983

Bakedag på Voss Folkemuseum, med Voss bygdekvinnelag

Dei siste åra har Voss bygdekvinnelag stilt opp med baking på Mølstertunet. Dette har blitt eit høgdepunkt for publikum (og oss) fredagane i juli. Me er difor utruleg glade for at dei kjem att i år.

Som før vil dei veksla mellom å baka flatbrød og krotakaker annankvar gong. Dei startar bakinga i 11 tida og held på til det er utseld eller til rundt kl 3.

Nytt høvet i sommar til å sjå, læra og handla med deg nysteikte flatbrød eller krotakaker!

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 19 Jul 2024 - 26 Jul 2024

Produktegenskaper

  • Sommer