utsikt frå bakkanosi
©Peter Bartel

Bakkanosi

Turen til Bakkanosi er ein lang tur, men går i relativt lettgått terreng. Belønninga du får når du kjem til toppen av Bakkanosi er ei spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden verdsarvområde og Sognefjorden. Utsikta frå toppen med 1300 høgdemeter rett ned i fjorden kan ta pusten frå dei fleste.

Les meir om Nærøyfjorden her: Vestnorsk fjordlandskap

Parker i Jordalen, gå innover Slettedalen til Slettedalstjørni og derifrå mot toppunktet på Bakkanosi.

Sidan turen er lang, og ikkje merka, bør du være fjellvant og leggje turen til ein dag med godt vêr.

Stigning: 580 - 1398 meter
Lengd: 20 km - 8 timar tur/retur
Sesong: juli - september
Vanskeligheitsgrad: Raud (krevjande)
Startpunkt: Jordalen
Turkart: Nærøyfjorden 1.50 000 og boka "Opptur i Hordaland"
Merknad: Denne turen er ikkje merka, og krev at ein har med seg kart og kompass!

NB! 

  • Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. 
  • I Jordalen er det lite parkeringsplassar, ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.
  • Jordalen er eit villreinområde, følg derfor desse råda: Dersom du får høyre om rein i området – vel ein anna tur. Følg etablerte stiar – så slepp reinen å møte folk overalt. Stopp og trekk deg unna om du ser rein - observer dei på god avstand.
  • Hald hunden i band! Både med omsyn til ville dyr, og husdyr på beite.
Tags
vandring