cbis:2114398
cbis:2114398
cbis:2114398

Bavallen Grand Prix

Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort!

Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.
Me er klare for sesongens Bavallen Grand Prix.

Påmelding startar på Fresky Preski på Hangurstoppen lørdag 07 januar. Då vert dei lågaste numrene lagt ut, så her er det fyrstemann til mølla.

Startavgifta per lag er på kr 1500,- (3 pers.) og inkluderar frukost etter rennet på Hangurstoppen Restaurant. Enkelt og greit. Betalast ved påmelding.

Rennstart kl 07:00 den 11. mars 2023. Meir info kjem mot rennstart.


Meld på laget ditt og få ei kjekk oppleving, og kjemp om heder, ære og bra premiar.
Det kjekke med Bavallen Grand Prix er alt alle kan vera med, så lenge ein er over 15 år.

Klasser:

Herre/mix med fartsdress
Dame med fartsdress
Herre/mix utan fartsdress
Dame utan fartsdress
Om ein ikkje har sesongkort, så kan ein kjøpa dagskort separat og online her:




Afterski i SkiBarBula og Premieutdeling kl 17:00


Om Bavallen Grand Prix:
Det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Dei siste åra har påmeldinga verkeleg gått unna og me har hatt lange ventelister.
Det kjekke med Bavallen Grand Prix er alt alle kan vera med, så lenge ein er over 15 år. I Bavallen Grand Prix stiller alt frå vener, bedrifter og familier til start. For nokre er konkurransen blodig alvor, medan andre er med berre for å ha det kjekt!

Bavallen Grand Prix er ein lagkonkurranse, med tre deltakarar på kvart lag. Traséen er lagt gjenom heile anlegget og konkurransen gjennomføres om morgonen, før opningstid. Ved kritiske punkt er det fartsreduserande element for deltakarane. Det er satt ut «checkpoints» i løypa som må passerast. Målet er å ta seg raskast mogleg gjennom løypa og alle tre deltakarar må vera over målstrekken før tida vert stoppa. I tillegg har me og ei “idealtid”, så sjølv om du ikkje er det raskaste laget, så er det framleis mogleg å vinna.

Mange flotte premiar, i tillegg til to flotte vandrepokalar.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 11 Mar

Produktegenskaper

  • Vinter