Merket Berekraftig Reisemål
Destinasjon Voss jobbar målretta med berekraft gjennom prosjektet berekraftig reisemålsutvikling på Voss, ei merkeordning frå Innovasjon Norge. Arbeidet starta for fullt januar 2019, og sjølve prosjektet avsluttast juli 2021. Arbeidet med berekraft vil deretter halde fram for full gass i framtida.
Berekraft i reiselivet handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag utan å øydelegge framtidige generasjonar sine moglegheiter for å få dekt sine behov. Tema som natur, miljø- og klimapåverknad, samspelet reiseliv/lokalsamfunn - og næringa si økonomiske verdiskaping er sentralt i forståinga av eit berekraftig reiseliv.
Meir konkret jobbar Destinasjon Voss målretta med følgjande hovudområde:
- Lokal verdiskaping - heile året
- Transportløysingar for framtida
- Høg avkastning - låg miljøpåverknad
- Auka kompetanse
- Ressurseffektivitet og miljøansvar
Klikk her for å lesa handlingsplanen!
Vil du følgje med på kva som skjer i prosjektet?
- Følg med på prosjektets Facebook-side
- Meld deg på vårt nyhendebrev
Spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Benedicte Watvedt Skaug
[email protected] / 416 02 736
Miljøfyrtårn
I april 2018 vart Destinasjon Voss serifisert som Miljøfyrtårn. Det vil seia at me kan dokumentera at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, avfall, utslipp og estetikk er tilfredsstilte.
Samfunnsansvar
Destinasjon Voss er opptatt av kompetanse og kunnskap i reiselivet, og er godkjend lærebedrift i reiselivsfaget. Me har hatt fleire lærlingar som har tatt fagbrev hjå oss, og tek gjerne imot nye lærlingar.
Me har òg samarbeidsavtale med Voss gymnas om praksisplassar og arbeidstrening.