Ekstremsportveko
From 1890 NOK
Ekstremsportsveko er verdas største ekstremsportfestival, og kvart år kjem utøvarar og publikum frå heile verda for å vera med på den store festen med både sports- og musikkarrangement.
I løpet av «veko» vert det mellom anna konkurrert i elvekajakk, fallskjerm, paragliding, hanggliding, freeride, BASE og longboarding. Her er det alltid mange halsbrekkande stunts å få med seg!
Bestill billettar til Ekstremsportveko her!
Teltet på Prestegardslandet er det store samlingspunktet, med filmvisning kvar dag og konsertar og fest på kveldane.
Ideen om å arrangere ein ekstremsportsfestival på Voss starta då ein gjeng frå luft- og elvesportsmiljøet på Voss vart samla til fest ein sein haustkveld i 1997. Planen var å arrangere noregscupar i paragliding og rafting sommaren 1998, men etter festen vart planane endra. Dei vart einige om å samle aktivitetar innan sportane fallskjerm, paragliding, rafting og elvepadling i ein festival. Dette var starten på Ekstremsportveko.
Sidan 1998 har Ekstremsportveko opparbeida seg ein posisjon som eit av verdas største og mest suksessfulle ekstremsportsarrangement. I 2009 vart det arrangert nasjonale og internasjonale konkurransar i 13 forskjellige sportar. 1200 utøvarar frå 30 forskjellige nasjonar var representert på festivalen. I tillegg til å vere ein sportsfestival, er Ekstremsportveko også blitt ein populær musikkfestival. Kvart år huser dei store artistar innan sjangrane pop, rock, reggae og funk.
Ekstremsportveko skal vera open og inkluderande, der kjernen i arrangementet er at ein skal utfordra seg sjølv og naturkreftene.
Dato/Tid
Dato | Tidspunkt | Arrangementsstad | |
---|---|---|---|
27
Jun
|
Søndag 27 jun 2021 | 18:00 - 00:00 | |
28
Jun
|
Måndag 28 jun 2021 | 18:00 - 00:00 | |
29
Jun
|
Tysdag 29 jun 2021 | 18:00 - 00:00 | |
30
Jun
|
Onsdag 30 jun 2021 | 18:00 - 00:00 | |
1
Jul
|
Torsdag 1 jul 2021 | 18:00 - 00:00 | |
2
Jul
|
Fredag 2 jul 2021 | 18:00 - 00:00 | |
3
Jul
|
Laurdag 3 jul 2021 | 18:00 - 00:00 | |
4
Jul
|
Søndag 4 jul 2021 | 18:00 - 00:00 |
Kontaktinformasjon
Nettsted | ||
http://www.ekstremsportveko.no |
Linker
Prisinformasjon
Prisinformasjon | ||
Festivalpass: kr 1890,- |