Juleroser 19.desember - Gamlekinoen

Område: Vossevangen (Voss sentrum)
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Konserter
Dato: Laurdag 19 des 2020

Herborg Kråkevik legg ut på storslått juleturné med Juleroser og opptrer i Gamlekinoen med Julerosekvintetten og spanande gjester laurdag 19. desember.

Kjøp billettar her!

Dei siste åra har jolaheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik – der nokre av landets fremste forfattarar og kunstnarar bidrar – blitt ein kjær del av jolastemningen i mang ein heim rundt om i landet. Jola 2020 blir likevel endå meir spesiell, for i tillegg til årets hefte kjem òg albumet Juleroser, som har fått ekstra brask og bram frå Bergens Filharmoniske Orkester. På plata medverkar òg Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Edvard Grieg Kor og AURORA.

Herborg Kråkevik tar med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet i desember. På turneen har ho med seg forfattarane Vigdis Hjorth og Vetle Lid Larssen og andre eksepsjonelle gjester som har skrive for jolaheftet. Desse eminente formidlarane vil gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-hefta.

Saman garanterer dei for at det blir adventstemning, jolalatter- og tristesser, klassiske jolaforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre frå Noregs største kunstnarar. Dessutan vil Herborg sjølv synge med eit generøst orkester – Julerosekvintetten – under leiing av Helge Lilletvedt og med trompetvirtuos Mathias Eick som solist. Med andre ord blir dette ei heilt unik oppleving.

– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsame greier, og kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i julesinnet, seier Herborg.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
19 Des
Laurdag 19 des 2020 19:00 - 20:30  

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt
Build: 03.06.2020 09:10:04, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails