Bornas sykkelfestival i Myrkdalen 29.-30.august

Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Andre arrangement , Sport
Dato: Laurdag 29 aug 2020 - søndag 30 aug 2020

Myrkdalen gjentek suksessen frå i fjor og ynskjer velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 29. - 30. august! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul.

TRE ALDERSGRUPPER
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene.

BORNAS SYKKELRITT
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt.

FELLES MÅLTID & AFTERBIKE
Laurdag 29. august blir det felles lunsj og afterbike med felles middag.

PRISAR OG BESTILLING
Prisar og lenkje til bestilling blir lagt ut i løpet av våren. Hald av datoen allereie no!

SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)

UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
29 Aug
Laurdag 29 aug 2020 09:00 - 22:00  
30 Aug
Søndag 30 aug 2020 09:00 - 22:00  

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt
Build: 10.08.2020 14:03:42, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails