Strikkehelg i Myrkdalen 23.-25. Oktober

Område: Myrkdalen
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Andre arrangement
Dato: Fredag 23 okt 2020 - søndag 25 okt 2020

Hald av helga 23. - 25. oktober - då blir det strikkehelg på Myrkdalen Hotel! Det blir utstillarmarknad, diverse kurs og mykje meir. I år har me også gleda av å visa showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj!

PROGRAM

FREDAG 23. OKTOBER
Kl. 18.00 – 21.30: Utstillarmarknad
- Gymnastikk for strikkarar
- Foredrag med Birger Berge

Kl. 18.00 – 21.30: Middag i Restaurant Tunet

LAURDAG 24. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym

Kl. 10.00: Kurs og workshop i:
o Hælstrikk
o Vottestrikk
o Kurs med Arnhild Skatvedt (tema kjem)
o Julefilting med Liv Marion

Kl. 11.00: Presentasjon av utstillarar

Kl. 14.30: Hinderløype-.konkurranse

Kl.15.30: Mannekengoppvisning og loddtrekning

Kl.18.30 Myrkdalstapas i Restaurant Nuten

Kl. 20.30: "Strikk & musikk & dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj
Leif-Per er Hildegunn sin svoger og bror til hennar fråseparerte ektemann, Per-Leif. Nettopp - Leif-Per og Per-Leif er brødre. Forvirra? Alle har dobbeltnamn på Sunnmøre - bli vant til det!

Trass i samlivsbrotet med Per-Leif, har Hildegunn ein fin-fin tone med Leif-Per, og dei to har ei lang historie når det gjeld å underhalde det norske folk. I Myrkdalen kjem dei med eit nytt show som dei har kalla Strikk & musikk - og dramatikk! Hildegunn forklarer:

​- Det er eit svært spanande konsept - som vi er heilt aleine om i den norske underhaldnings-bransjen. Først er det eit kvarter om strikking, og så er det litt musikk, og deretter er det litt strikking nok ein gong, og så enda meir musikk.
- Ja, ein er faktisk aldri i tvil om når det er musikk og når det er strikk! repliserer Leif-Per - som òg trakterer gitaren som den reinaste virtuos. Éin ting kan vi i alle fall garantere: Dette blir noko du aldri har sett før. Rett og slett ei vaskeekte ut-av-deg-sjølv-oppleving.

​Dessuten blir det som regel litt dramatikk kvar gong Hildegunn og Leif-Per er på scena. Men må ein kunne strikke for å ha glede av showet? Svaret på det er todelt og tildels vanskeleg å fatte. Det kan absolutt vere ein fordel, men det kan også vere ei svært stor ulempe. Get it? Showet er for alle, Pus! :)

SUNDAG 25. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym
Gratis inngang til utstillarmarknad

PRISAR OG BESTILLING
Prisar og lenkje til bestilling blir lagt ut i løpet av våren.

ÅRETS UTSTILLARAR
- Arnhild Skatvedt
- Garnsenter Voss
- Hillesvåg Ullvarefabrikk
- Husfliden Voss
- Økongarn
- Mohairia
- Norwegian Spirit
- Strikkezilla
- Toril Revheim / A knit Story

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
23 Okt
Fredag 23 okt 2020 18:00 - 23:00  
24 Okt
Laurdag 24 okt 2020 18:00 - 23:00  
25 Okt
Søndag 25 okt 2020 18:00 - 23:00  

Linker


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Destinasjon Voss
  • Sikker betaling
  • Ingen bookingavgift
  • Raskt og enkelt
Build: 13.07.2020 11:33:22, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails