Vossamarsjen 2022

Område: Voss
Arrangementsstad:
Kategori: Arrangement , Sport, Visit Norway, [...]
Dato: Laurdag 20 aug 2022

From 250 NOK

Vossamarsjen er ein årleg fellestur over Gråsida, arrangert av Voss Utferdslag

20. august går den to mil lange turmarsjen over Gråsida, eit høgfjellsplatå på mellom 1000 og 1350 høgdemeter.
Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt
fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene.
Turmarsjen er utan tidtaking der ein kan konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde. Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.
Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake Voss. Høgfjellsmarsjen har 5 bemanna sjekkpunkt, men alle må sjølv ha godt med niste/drikke og kle i sekken.
Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, og alle deltakarane får og Vossamarsj T-skjorta etter gjennomført tur. I tillegg vert flotte premiar trekt på startnummer.
I tilfelle det skulle bli dårleg vêr den 21. august, håpar de kan bli med på reservedatoen 28. august!

Praktisk info:
Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00.
Buss til Hodnaberg frå kl. 07.30. Siste bussavgang kl. 09.00.
Returbuss frå Gjelle frå kl. 15.30 til ca. kl. 20.00.
Ved målgang Gjelle vert det servering av lapskaus/saft og utdeling av t-skjorter og flotte premiar trekt på startnummer til heldige vinnarar.

Dato/Tid

Dato Tidspunkt Arrangementsstad
20 Aug
Laurdag 20 aug 2022 07:00 - 19:00  

Kontaktinformasjon

Linker

Prisinformasjon

Prisinformasjon
Prisar før 14. august: Vaksne: Kr. 250 medlem / 370 ikkje medlem Born / Ungdom: 1/2 pris til og med fylte 18 år Prisar etter 14. august: Vaksne: Kr. 350 medlem / 470 ikkje medlem Born / Ungdom: 1/2 pris til og med fylte 18 år

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 26.07.2022 14:25:13, Host: online3core20, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Event, Action: showdetails