Store Ringheim Hotell & Restaurant

Address: Mølstervegen 44, 5710 Skulestadmo
Beliggenhet: Voss
vis kart

Hotell | Velkomne heim til oss på Store Ringheim

Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell, restaurant og selskapslokale. Hotellet, som ligg 1,2 km frå Voss sentrum, har 15 unike og komfortable rom. Romma er fordelt på «Gardshuset» og «Reiskapshuset». I det gamle Gardshuset frå 1860 er tømra er synleg og romma har fått namn etter det dei vart kalla før i tida.
”Eldhuset”, som er den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet - perfekt for eit romantisk opphald. "Eldhuset" vert og nytta som brudlaupssuite.
Det gamle Reiskapshuset vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne rom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet. Hjå oss skal du kjenna deg som heime og me synes det er upersonleg at eit rom berre har eit nummer. Difor har alle dei 9 hotellromma i Reiskapshuset fått namn etter fjella som ligg ikring oss her på Voss.

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.

Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Flor'n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen.

Restaurant Flor'n byr på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & urieste råvarer. Menyen er ikkje stor, men me har alltid eit utval av både kjøt & fisk - og sjølvsagt gode dessertar som prikken over i'en.

Les meir om Flor`n her

Store Ringheim Gardsmat
Store Ringheim Gardsmat, frå åker til bord!

Me er opptekne av bærekraft og kortreist mat. På garden lagar me ein del tradisjonelle produkt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter.
Produkta våre vert laga med så lite tilsetjing som mogleg - som oftast berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingridiensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat!

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
I nærleiken av fjell Nært naturen På landsbygda Fjellutsikt
Generell informasjon
Antall etasjar 2 Antall rom 15 Antall barar 1 Check-out (seinast) 12:00 24-timars innsjekking
Generelle fasilitetar
Kaffemaskin/vannkoker Gratis Wi-Fi Hårfønar Restaurant Enkeltseng TV Dobbelseng
Fritidsfasilitetar på området
Vandrestiar
Spesielle krav
Babyseng tilgjengeleg Barnevennleg Førarhund tillete Handikapvenleg Allergitilpassa Røykfritt
Parkering
Parkering for buss Utandørs parkering (gratis)

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 95406135
Kontakt på e-post

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 




Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg og kontakt oss på tlf 47 406 177 00 eller send ein e-post til [email protected] 



Bestill hos oss

Offisiell bookingside for Destinasjon Voss

Sikker betaling

Ingen bookingavgift

Raskt og enkelt

Build: 26.07.2022 14:25:13, Host: online3core20, DB: o3.cbguide-8533.cbischannel-31481.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails